Lyn
Lyn i Oslo i juli 2008.
Lyn
Av .
Høghastigheitsopptak av lyn

Eit høghastigheitsopptak viser ei forgreina kjede av elektronskred ned frå skyene, og så ei påfølgjande kraftig utlading av positive ion i motsett retning.

Lynnnedslag 28. juli 2019

Meteorologisk institutt registrerer lynnedslag i Noreg. Her ein typisk sommarleg torevêrsituasjon, 28. juni 2019, då det låg eit langstrekt byefelt over Sør-Sverige, Austlandet og Sørlandet.

Lynnnedslag 28. juli 2019
Av .
lyn
Bilete av lyn.
Lyn (lynnedslag)

Lyn. Fotografi av eit lynnedslag.

Av /NTB Scanpix ※.

Lyn er ein sterkt lysande gneiste som oppstår ved ei plutseleg elektrisk utlading i atmosfæren. Utladinga kan gå føre seg inne i ei sky, mellom to skyer eller mellom ei sky og bakken.

Skyene der lyn oppstår, vanlegvis cumulonimbus, er karakteriserte ved sterke opp- og nedovergåande rørsler. Desse fører med seg elektrisk ladde partiklar (vassdropar, iskrystallar), slik at positiv og negativ elektrisitet blir åtskild (positiv skytopp, negativ skybasis). Som følgje av dette kan spenninga mellom to stader bli så stor at eit elektrisk overslag finn stad.

Danning

Danning av lyn går føre seg i fleire trinn. Ved overslag til bakken oppstår det først eit elektronskred som går i ein spiss ned frå skya og stoppar etter cirka 50 meter. Dette gir ei svak lysning og skjer i løpet av cirka eitt mikrosekund (milliondels sekund). Etter ein pause på omkring 50 mikrosekund oppstår eit nytt liknande skred som framhald av det første; dette gjentek seg til utladinga har nådd bakken. Heile banen kan då vere eit par kilometer og er ofte sterkt forgreina. Når bakken er nådd, oppstår det ei utlading. Denne består vesentleg av positive ion som beveger seg motsett veg (oppover mot skya), og dette skjer medan det blir sendt ut eit intenst lys. Det er dette lyset som er det eigentlege lynet.

Medan den første fasen (frå skya til bakken) varer så lenge som 1/100 sekund eller meir, tek den andre fasen (frå bakken til skya) berre nokre hundre mikrosekund. Straumen når i denne andre fasen ein styrke på 20 000–30 000 ampere, og unntaksvis opptil det tidoble av dette. Etter cirka 1/100 sekund følgjer vanlegvis eit nytt, svakare overslag i same kanal, og dette kan gjenta seg eit titals gonger. Sjølve den ioniserte, lysande banen har ein diameter på om lag ti centimeter.

Energien i eit lyn

Den energien eit lyn fører med seg, er i gjennomsnitt anslått til to milliardar joule. Av dette blir det berre sendt ut 200 000 joule i form av lys og anna stråling. Storparten av energien følgjer gneisten som elektrisk straum som varmar opp lufta direkte.

På grunn av den plutselege oppvarminga og medfølgjande utvidinga av lufta blir lynet følgt av ein kraftig lyd: tore (torden). Ved utlading mellom ei sky og bakken blir lyden reflektert, noko som kan påverke lydbiletet, til dømes at tora rullar. Ved elektrisk utlading mellom eller i skyer i høgare luftlag døyr lyden langt raskare ut enn lyset, og ein kan få kornmo (stille lyn).

Skadar

Lyn som treffer bakken, søkjer mot spissar eller framspring av leiande gjenstandar, fordi feltet der er sterkast. Treffer lynet ein god leiar med stort tverrsnitt, forårsakar det liten skade, medan lynnedslag i dårlege eller tynne leiarar gir sterk oppvarming.

Spesielt kan det bli overslag i brennbart materiale mellom to leiarar. Slike overslag oppstår fordi det først på grunn av feltet i atmosfæren går føre seg ei langsam opplading gjennom ein dårleg leiar til ein spiss gjenstand. Når lynet så treffer denne, blir han lokalt oppladd, og det oppstår eit sterkt felt i eller i nærleiken av den dårlege leiaren, og som følgje av dette oppstår eit gneisteoverslag, og det kan ta fyr. For å beskytte mot dette bruker ein lynavleiar.

Geografisk fordeling

I gjennomsnitt reknar ein med at det på jordkloden oppstår rundt 100 lyn per sekund, mest i tropiske strøk. På våre breiddegrader vil omkring ein tredel av lyna slå over til bakken. I tropiske strøk går berre om lag ti prosent til bakken.

Typar

I tillegg til vanleg lyn, linjelyn, finst det ulike variantar.

Perlesnorlyn er lyn som opptrer som ein serie lysande kuler som perler på ei snor. Moglegvis dannar dette overgangen til kulelyn. Såkalla flate lyn er ikkje noka særeiga form for lyn, men ein lyseffekt som kjem av at skyene blir illuminerte ved tilnærma horisontale lyn mellom skyer.

På oversida av toreskyer er det òg betydelege fenomen som liknar lyn: blåstrålar, lysalvar og lysånder. Sjå også torevêr.

Historikk

Teorien om at lyn er av elektrisk natur, oppstod på midten av 1700-talet.

Den amerikanske fysikaren Benjamin Franklin underbygde teorien med eit livsfarleg eksperiment då han i torevêr trekte elektriske gneistar ut av den nedste delen av snora til ein drake.

Lyn andre stader i solsystemet

Det er observert lyn i atmosfæren til planetane Jupiter og Saturn. Lynet på Jupiter er ti gonger kraftigare enn det sterkaste lynet på Jorda.

Forsøk på å observere lyn på Venus og Mars har ikkje gitt resultat.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg