Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne er eit digitalt nynorsk leksikon. Mange forfattarar produserer artiklar for Allkunne, men vi treng fleire! Artiklane i Allkunne blir honorerte etter vanlege leksikonsatsar.

Vi er òg på jakt etter fagkonsulentar med formell kompetanse innan fagfelta biologi, kjemi, meteorologi og offentleg administrasjon. Andre fagfelt er òg aktuelle, ta kontakt om du er interessert. Fagkonsulentar blir honorert etter standard satsar.

For meir informasjon, kontakt dagleg leiar på allkunne@allkunne.no

Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Sindre Hovdenakk
 

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle er ein av dei mest markante pressefolka i landet. Som politisk redaktør i Aftenposten og før det som aktiv journalist og ansvarleg redaktør i Dagbladet, har han vore med på å utvikle den politiske journalistikken i Noreg.

Harald Stanghelle er fødd 13. januar 1956 og voks opp på Stanghelle i Hordaland. Alt som 19-åring vart han redaktør og eigar av lokalavisa Vaksdals-Nytt. Så følgde ein periode som fiskar, vernepliktig soldat og presseoffiser ved den norske FN-styrken i Libanon. Han arbeidde to år i Dag og Tid før han tok til i Arbeiderbladet i 1982. Her, og seinare i Aftenposten frå 1991, dekte han mellom anna ei rad større straffesaker og konfliktane i Midtausten. Stanghelle er styreleiar i Norsk Redaktørforening frå 2009.
 
Stanghelle vart tilsett som ansvarleg redaktør i Dagbladet i 1995. I 2000 vart han politisk redaktør i Aftenposten. Som sentral, liberal kommentator har han prega den uavhengige, politiske journalistikken i Noreg. Han er òg mykje nytta som kommentator i mellom anna NRK.
 
Stanghelle fekk SKUP-prisen i 1991 for avsløringa av den sokalla Mossad-skandalen.



Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut