Allkunne
Sigrid Bø Grønstøl
 

Marit Tusvik

Marit Tusvik, stilsikker forfattar med stor variasjon i tema og sjangrar. Ho er ei av dei få i landet som skriv ny scenedramatikk, og stykka hennar er oppførte ved fleire norske og utanlandske teater.

Tusvik er fødd 13. mars 1951 i Høyanger og bur i Oslo. Etter examen artium ved Sandefjord Gymnas gjekk ho Nansenskolens vinterkurs i 1971, og like etter var ho hospitant ved Basel Kunstgewerbeschule i Sveits, samtidig som ho arbeidde ved brannskadeavdelinga ved Basel Bürgerspital. Åra 1972–74 budde ho i Tunisia.
 
Marit Tusvik gjekk på Westerdals reklameskole i Oslo i 1981–83. Ho teiknar og har arbeidd med grafisk design, og ho har illustrert nokre av bøkene sine.
 
I byrjinga av forfattarkarrieren hadde ho mange ulike jobbar, til ho blei forfattar på heiltid. Ho har arbeidd i internasjonale bedrifter for Manpower og har omsett scenestykke frå fransk for Det Norske Teatret og Nationalteatret.
 
Marit Tusvik debuterte med Reisa til mandarinlandet i 1979 og har skrive drama, romanar, poesi og bøker for barn. Ho skriv både nynorsk og bokmål og vekslar mellom dei to målformene i alle sjangrar.
 
For skodespelet Mugg fekk Tusvik Ibsenprisen 1991. Stykket er omsett til tysk, fransk, russisk, tsjekkisk og ungarsk og er mellom anna sett opp i Praha og Budapest. Skodespela Mugg (1990) og Etter William (1993) er begge filma for fjernsyn.
 
Mangfaldig persongalleri
Persongalleriet i dramatikken er rik og variert. I scenedebuten Mugg (urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen i 1991) handlar det om to kvinner i sekstiåra som er på pakkereise saman til Moskva. I Etter William 1993 (urpremiere same hausten ved Intimteatret på prøvesalen til Det Norske Teatret i Oslo og på Den Nationale Scene i Bergen) møtest tre gamle bridgekameratar for første gong etter at fjerdemann er død og ein ny spelar skal ta plassen hans. I Alle vakre jenters hambo 1994 (urpremiere ved Den Nationale Scene i Bergen 1994) er tre unge kvinner på hyttetur og snakkar om det dei har felles: utanlandske kjærastar. I Angerhøy 2005 (urpremiere på Scene 2, Det Norske Teatret i Oslo i oktober 2005) møter vi folket i ein avblomstra industriby på Vestlandet.
 
Små sansingar og store spørsmål
Marit Tusvik skriv friskt og upretensiøst om store spørsmål. Ho hentar inn det uhøyrde og uskrivne, det som ligg og dirrar mellom orda, og tonen er ofte sorgmunter. Ho dveler ved det vesle, snur på stoffet og lyfter det fram i nye vinklar.
 
Romanane er formsikre og mangstemte, vittige og såre på same tid, og dei er blitt svært godt mottekne av kritikarar og lesarar. Forfattaren forskar i ulike mellommenneskelege forhold. I romanen Ishuset (1991) går ho inn i sinnet til eit sårbart og musikalsk barn, og den samstundes vare, nøkterne og humoristiske stilen gjer boka spesiell. Bell (1995) er ein oppvekstroman i fin balanse mellom humor og alvor, der ei yngre og ei litt eldre kvinne fortel sine ulike versjonar av eit tett forhold. Stille og fint (2002) er ein elegant kunstnarroman om tapt kjærleik, lengt og sjalusi.
 
I fleire av bøkene er kulturskilnader mellom kjønn og kulturar underliggjande konflikttema. I debutboka Reisa til mandarinlandet (1979) skildrar Tusvik norsk og nordafrikansk miljø i dikt og prosa. I ørkenromanen Nord (1999) er norsk vestland og arabisk miljø vovne saman.
 
Stoffet styrer sjangeren
Det er eit tett forhold mellom stoff og sjanger i Tusvik sine bøker. For kvar bok leitar forfattaren etter det rette uttrykket for nett dette stoffet, og resultatet er originale og personlege sjangervariantar. Sigrid Finne (2007) er eit morsportrett og ei krigshistorie der skriveprosessen er innarbeidd som ein handlingstråd. Dottera vil skrive ned det siste mora fortalde før ho døydde, og reiser bort for å få dette til, først til Island, så til Sicilia, og så heim att – før ho greier det. Dette metagrepet skaper stemning og forventning og gjer komposisjonen elegant og original.
 
Fabulerande dikt og bøker for barn er eit anna særmerke. Mellom 1984 og fram til 2003 har Tusvik skrive ti bøker for barn, dei fleste med eigne illustrasjonar. Ho har skrive tre diktsamlingar for vaksne og to for barn, og i Samlede dikt 2008 står dei fem bøkene i ei bok.
 
Kjelder
Øystein Rottem: Norges litteraturhistorie. Vår egen tid 1980–1998, bd. 3. Oslo 1998
 
Forfattarside om Marit Tusvik, Oktober forlag, http://www.oktober.no/nor/layout/set/print/forfattere/norske/tusvik_marit [lesedato 24.07.2009] 



Artikkelen høyrer også til under
 
 
 

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 28.03.2012
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Foto: Samlaget
  • Fødd 1951, i Høyanger
  • Debuterte i 1979 med Reisa til mandarinlandet
  • Skriv bøker i mange ulike sjangrar
  • Teaterstykka hennar er framførde både i inn- og utland
  • Har skrive og illustrert ti barnebøker