Allkunne
Geir Follevåg
 

Øystein Vidnes

Øystein Vidnes, forfattar og formgivar, som i tillegg er omsetjar og bokmeldar.

Øystein Vidnes er fødd 18. august 1976 i Fiskå i Vanylven. Han gjekk vidaregåande skule i Volda 1992–1995. Våren 1999 blei han cand.mag. ved Universitetet i Bergen med mellomfag i allmenn litteraturvitskap og medievitskap. I 1999–2000 gjekk han på Skrivekunstakademiet i Hordaland.
 
Han har skrive bøkene Bondeforteljingar (2002) og Ekstasar (2006) og har omsett dikt av Fernando Pessoa (2009) og ungdomsromanen Veslebror ser deg (2009) av Cory Doctorow. I tillegg er han formgivar (mellom anna i Vagant) og bokmeldar (i Morgenbladet).
 
Bøkene hans har ein humoristisk og eksperimentell stil, på grensa til det surrealistiske. Bondeforteljingar er ein ironisk moderne versjon av tradisjonelle bondeforteljingar og ein parodi på stereotypiar av bønder. Ekstasar handlar om ein mentalt ustabil ordførar som brått blir anarkist.
 
For Veslebror ser deg fekk Vidnes i 2010 Kulturdepartementet sin pris for beste omsetjing.
 
Kjelder:
Heimesida til Øystein Vidnes, skrift.no/vidneshttp://skrift.no/vidnes/ [lesedato 31.05.2010]
Personleg korrespondanse (om utdanning)
 
Forfattarside om Øystein Vidnes, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=2579 [lesedato 31.05.2010]
Offisiell blogg for Veslebror ser deg med intervju av omsetjaren, veslebrorserdeg.blogspot.comhttp://veslebrorserdeg.blogspot.com/2009/09/ystein-vidnes-veslebrors-omsettar-del-1.html [lesedato 31.05.2010]
Håvard Parr: «Vert prisa for omsetjing» , synste.nohttp://www.synste.no/?search_string=vidnes&searching=1&search_compact_mode=1#cid=1&aid=62618 [lesedato 31.05.2010]
 
Peikarar:



Artikkelen høyrer også til under
 
 

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut