Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne er eit digitalt nynorsk leksikon. Mange forfattarar produserer artiklar for Allkunne, men vi treng fleire! Artiklane i Allkunne blir honorerte etter vanlege leksikonsatsar.

Vi er òg på jakt etter fagkonsulentar med formell kompetanse innan fagfelta biologi, kjemi, meteorologi og offentleg administrasjon. Andre fagfelt er òg aktuelle, ta kontakt om du er interessert. Fagkonsulentar blir honorert etter standard satsar.

For meir informasjon, kontakt dagleg leiar på allkunne@allkunne.no

Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Gaute Losnegård
 

Tone Damli Aaberge

Tone Damli Aaberge, artist som fekk ein kometkarriere etter at ho kom på andreplass i talentkonkurransen «Idol» på TV 2 i 2005. Ho har sidan spela ei rolle som rikskjendis, ungdomsideal og sexsymbol.

Tone Damli Aaberge er fødd 12. april 1988 i Sogndal i Sogn og Fjordane. Ho byrja på musikklina ved Firda vidaregåande skule 2004, men sidan 2005 har ho drive som musikar og artist. Det året gav ho ut sitt første album, Bliss, på plateselskapet EMI, og dette selde over 30 000 eksemplar. I alt har ho gjeve ut fire popalbum med engelske tekstar, i tillegg til eit samlealbum. I 2009 deltok ho i den norske finalen i Melodi Grand Prix med songen «Butterflies», og enda då på andre plass bak Alexander Rybak, som seinare vann den internasjonale finalen. I 2012 gjekk Aaberge inn i eit samarbeid med den svenske popsongaren Eric Saade. Saman gav dei to ut singelen Imagine.
 
Aaberge har blitt vigd mykje spalteplass i kjendispressa og utsjånaden hennar er eit hyppig tema. Ho er blitt nytta som modell og har delteke i ulike moteshow, og ho har også vore med i ymse fjernsynsprogram, til dømes «Skal vi danse» (2006) og som dommar i «Idol» (2013). I 2013 kom ein dokumentarserie om Aaberge i seks episodar.  Aaberge har også vore ambassadør for organisasjonen MOT, som arbeider for å hindre mobbing, vald og rusmisbruk blant ungdom.
 
Aaberge nyttar nynorsk med ymse innslag av sogndalsdialekt i bloggen sin. I 2006 hadde ho ei av stemmene i den norske versjonen av den amerikanske animasjonsfilmen Over hekken (2006), og ho brukte då sognemål.
 
Kjelder
Trine Stalsberg: «For å melke kuen litt», ba.no, 24.4.2012, http://www.ba.no/puls/article6028175.ece [lesedato 3.5.2012]
Tone Damli Aaberge, biografi, Sogn og Fjordane fylkesleksikon, nrk.no, http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Tone_Damli_Aaberge [lesedato 3.5.2012]
Tone Damli Aaberge, blogg, http://tonedamli.blogg.no/ [lesedato 3.5.2012]
Tone Damli Aaberge, offisiell nettstad, http://www.tonedamli.com/ [lesedato 3.5.2012]
 
Peikarar



Først publisert: 03.07.2012
Sist oppdatert: 11.03.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Foto: tonedamli.com

ANDRE ARTIKLAR

Sogndal kommune, Sogn og Fjordane