VernepliktI Noreg er allmenn verneplikt slått fast i Grunnlova § 109. Verneplikta byrjar det året ein fyller 19 år, og varer ut det året ein fyller 44 år Verneplikt, den plikta statsborgarane i eit land har til å delta i forsvaret av landet sitt. I Noreg er allmenn verneplikt slått fast i Grunnlova § 109, og nærare reglar om innhaldet i verneplikta finst i vernepliktslova av 1953. Verneplikta byrjar det året ein fyller 19 år, og varer ut det året ein fyller 44 år. Berre menn har verneplikt i Noreg. I krig eller når krig trugar, kan ein setje opp ei krigsforsterking som omfattar tenestedyktige menn opp til det året dei fyller 55 år.
Alle vernepliktige er forplikta til å overta den tenestestillinga i Forsvaret som dei får ordre om, og utføre den tenesta som dei blir pålagde. Dei er også forplikta til å ta imot høgare grad og å gå gjennom nødvendig utdanning. Kvinneleg personell som gjer frivillig teneste, har mobiliserings- og tenesteplikt etter nærare reglar som er gitte av Kongen (med samtykkje frå Stortinget). Sjå også utskriving og sivil tenesteplikt.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
|






Foto: Jan Egil Kvam, flickr.com