Eit språk blir til: 191011.3. blir Norsk Bokmannslag skipa med Idar Handagard som første formannen, og med 41 medlemmer. Dette laget for nynorske forfattarar går truleg inn i 1960-åra.
I april gir Paul M. Gjærder ut første nummeret av Norsk Toneblad i Volda, eit musikktidsskrift som bl.a. prentar 280 korarrangement av songar, dei fleste på landsmål. Siste nummeret kjem i mars 1918 (sjå 1903).
2.7. går avisa Møre i Volda over til nynorsk etter å ha vore redigert på riksmål frå 1902.
1.9. opnar Voss gymnas eit toårig gymnsastilbod for 13 elevar på real- og latinlinje, med A. Bjerk-Amundsen som første skulestyrar. Dette er det første (private) landsgymnaset i landet. Etter forarbeid frå Studentmållaget i Oslo set Olav Riste og Fredrik Voss i gang eit privat gymnas for landsungdom i Volda same hausten.
27.10. har Hulda Garborg og Det norske Spellaget si første framsyning, i Asker, før dei legg ut på fleire spelferder. Dei veit kva dei går til; i hovudstadspressa hausta Voss Ungdomslag spitord då dei spelte teater i Oslo same sommaren.
|






