Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Ottar Grepstad
 

Eit språk blir til: 1923

3.5. blir Kaare Fostervoll med 205 mot 195 røyster vald til formann for det første og hittil einaste nynorskstyret i Det norske Studentersamfund i Oslo, i eit samarbeid mellom Studentmållaget og Mot Dag.
 
14.5. fastset Arbeidsdepartementet føresegner for bruk av landsmål og riksmål i informasjon, oppslag og skilt i NSB.
 
20.5. vedtek Poststyret retningslinjer for målform i oppslag  på postkontora.
 
20.7. går det ut skriv frå Postverket med påbod om at postmeistrane skal leggje spørsmålet om målform fram for kommunestyra. Dette er den første offentlege røystinga om målbruk i offentleg forvaltning (sjå 1924).
 
1.8. melder Den 17de Mai at studentane no kan få det akademiske borgarbrevet på landsmål, omsett av Oluf Kolsrud (sjå 1917).
 
14.8. skriv Noregs Mållag til Noregs Bank og krev at banken ”no tek til med å prenta og gjeva ut pengesetlar med innskrift på norsk mål” (sjå 1985).
 
Om hausten gir Studentmållaget i Oslo ut første nummer av Fram i samarbeid med Mot Dag, med Olav Dalgard som første redaktøren. Bladet går inn i 1929.
 
Tarjei Vesaas debuterer med romanen Menneskebonn på Olaf Norlis Forlag.
 
Leif Halse debuterer med barneboka Ulv. Forteljingar frå idrettslivet på Olaf Norlis Forlag.
 
Gula Tidend byrjar å gi ut skjema på landsmål.
 
Per Steenberg toneset diktet ”Å leva det er å elska” av Anders Vassbotn frå 1893 i ein konkurranse. Tonen blir prenta i Koralbok for den norske kirke i 1926.


Sist oppdatert: 22.10.2009
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut