Eit språk blir til: 19387.1. fastset regjeringa Nygaardsvold i kongeleg resolusjon nye rettskrivingsreglar for nynorsk og bokmål.
16.7. kjem første teikneseriestripa med Smørbukk i Norsk Barneblad, teikna av Jens R. Nilssen. Serien får fast plass på baksida av bladet i mange tiår.
25.9. tek Gustav Indrebø på eit møte av målfolk i Bergen til orde for å skipe Aasen-ringen som skal vere ein møtestad for dei som vil følgje ei rettskriving nærast råd Aasens normal. Aasen-ringen blir formelt skipa i november same året med Lars Eskeland som første formann.
I oktober går Akres trio med vokalist Torgeir Audunsson i studio og spelar inn ”Vestlandsvalsen” til tekst av Jakob Sande og melodi av Audunsson. Med den songen hadde Sande vunne ein songkonkurranse som BUL lyste ut i 1937 eller 1938. Dette blir den første nynorske populærslageren.
21.12. løyver Ørsta kommune 1000 kroner til eit eldfast bygg i Aasen-tunet. Grunnlaget er ein udatert søknad frå Jon Aasen om midlar frå kommunen og staten til dette (sjå 1939, 1940 og 1946).
28.12 oppmodar målfolk samla til møte i Bergen Vestmannalaget om å skipe eit forlag som gir ut bøker i ei målform som ligg nærast råd Aasens normal. Ideen var tidlegare lagd fram av Gustav Indrebø (sjå 1939).
Første utgåva av Nynorsk ordliste kjem ut på Det Norske Samlaget, redigert av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl. Med åra blir dette det mest brukte nynorske oppslagsverket. Alv Hellevik tek over ordlistearbeidet frå 1959. Det samla salet av ordlista passerer to millionar eksemplar i 1993.
Bibelen kjem ut i revidert utgåve på Det Norske Bibelselskap. Ragnvald Indrebø har vore ansvarleg for revisjonsarbeidet (sjå 1921), og utgåva er blitt heitande Indrebøbibelen.
Alf Prøysen får trykt novella ”Skolissene” i Kooperatøren. Dette er første gongen han skriv på nynorsk offentleg.
|






