Klepp kommune, RogalandKlepp kommune, der over 70 % av arealet er dyrka mark, er ein av dei viktigaste jordbrukskommunane i landet. Klepp kommune, 114 km2, ligg i Rogaland, har om lag 16 300 innbyggjarar og i nord til Sandnes og Sola. Kommunegrensene har vore uendra sidan formannskapslova i 1837.
Kommunen ligg på Jæren, ut mot kysten. Terrenget er flatt, og det høgaste punktet i kommunen er Tinghaug, 102 moh. Den største tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Kleppe.
Klepp er ein stor jordbrukskommune og er den kommunen i fylket med størst produksjon av korn, poteter og grønskaer på friland. Veksthusnæringa har vore i sterk vekst dei siste tiåra. Her finst fleire institusjonar som er knytte til jordbruket, til dømes forskingsstasjon for plantekultur. Industrien i kommunen er òg jordbruksrelatert, med næringsmiddelindustri og fleire verksemder som produserer landbruksreiskapar. Ein del av den jordbruksrelaterte industrien har omstilt seg og rettar seg no mot leverandørar til oljeverksemda.
I kommunen har det vore gjort nær 1000 funn frå steinalderen og. Det finst òg mange runeinnskrifter frå Klepp. I Kleppe er det eit bygdemuseum. Klepp har dei lengste sandstrendene i landet, og spesielt strendene ved Bore og Orrestranda er mykje brukte.
Jærbladet er lokalavis for Klepp, Hå og Bryne, og avisa vart grunnlagd og er redigert på begge målformer.
I Klepp tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Kommunen har ti grunnskular, og skuleåret 2009/10 hadde 65 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Ordførar er Elfin Lea (H).
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999 Store Norske Leksikon, bd. 8. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene
|






