Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Eirik Helleve
 

Sogndal kommune, Sogn og Fjordane

På Idrettssenteret i Sogndal ligg ”The Wall”, ein 750 m2 stor klatrevegg som vert rekna for å vera den beste innandørs klatreveggen i landet.

Sogndal kommune, 746 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 6900 innbyggjarar og grensar i sør til Lærdal, i vest til Vik og Leikanger, i nord til Balestrand og Jølster og i aust til Luster.

I 1964 vart eit mindre område overført frå Leikanger. Fjærland vart i 2000 skild ut frå Balestrand og lagd til Sogndal.

Kommunen omfattar områda rundt Sogndalsfjorden, Fjærlandsfjorden og Amlabukti på nordsida av Sognefjorden. Dei tre tettstadene i kommunen er Fjærland, Kaupanger og administrasjonssenteret Sogndal. Det høgaste punktet i kommunen er Grensevarden på Jostedalsbreen, 1740 moh. 

I 1975 opna Sogn og Fjordane distriktshøgskule i Sogndal. Skulen er no ei avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane og har rundt 300 tilsette og 2000 studentar. Både denne skulen og den vidaregåande skulen held til ved kunnskapssenteret Fosshaugane Campus. I Kaupanger ligg hovudkontoret til Lerum, som er ein av dei største produsentane av saft og syltetøy i landet. Nortura Sogndal produserer spekemat og pinnekjøt. Her er litt jordbruk i kommunen, med vekt på husdyrhald. Dei to kraftverka i kommunen har ein samla produksjon på nær 100 MW.

Sogndal er ei av dei viktigaste fruktbygdene i fylket, og mykje av frukta går til Lerum. Det er litt jordbruk i kommunen, med vekt på husdyrhald.

I Fjærland ligg Norsk Bremuseum, teikna av Sverre Fehn. Museet opna i 1991 og formidlar kunnskap om brear og klima. Fire år seinare opna Den norske bokbyen i Fjærland, som har rundt 250 000 bøker til sals i eit tital utsal. Frå Fjærland går det ruter over breen til Lunde i Jølster, og Fjærland er òg vanlegaste endestasjon for skituren Jostedalsbreen på langs. Kaupanger stavkyrkje er frå år 1200. De Heibergske samlingar – Sogn folkemuseum er eit av dei eldste og største folkemusea i landet og har rundt 40 bygningar frå mellomalderen fram til i dag. Sidan januar 2009 har museet vore ein del av stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Ved Stedje kyrkje i Sogndal står det ein runestein frå 1100-talet.

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogn og Fjordane og Sogningen/Sogns Avis slo seg saman. Avisa  har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.

I Sogndal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1919 (Mundal i Fjærland), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2008/09 har 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Ordførar er Jarle Aarvoll (Ap).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 13, 2006


Sist oppdatert: 25.09.2009
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut