Vanylven kommune, Møre og RomsdalNorth Cape Minerals, den største olivinprodusenten i verda, held til i Vanylven kommune. Vanylven kommune, 385 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 3500 innbyggjarar og grensar i nord til Sande og Herøy, i aust til Volda, og til tre kommunar i Sogn og Fjordane, Eid og Vågsøy i sør og Selje i vest. I 1918 vart Syvde skild ut som eigen kommune, men i 1964 vart Syvde og delar av Rovde slått saman med Vanylven. I 2002 vart området sør for Hallefjorden overført frå Sande. Vanylven ligg i eit fjordlandskap heilt sørvest i fylket. Det meste av busetnaden ligg ved fjorden, men der er òg spreidd busetnad i nokre dalføre. Dalføra er ofte tronge, gjerne med svært bratte dalsider. Kommunen har tre mindre tettstader, Åheim, Myklebost og administrasjonssenteret Fiskå. Det høgaste punktet i kommunen er Blæja, 1142 moh. Den største verksemda i kommunen er North Cape Minerals. Mineralet olivin vert mykje brukt i råjernindustrien, og det meste av produksjonen vert eksportert. Her er òg trevare- og betongindustri og skipsverft. Mange er sysselsette i jordbruket, men oftast i kombinasjon med anna arbeid. På Åheim ligg mellomalderkyrkja St. Jetmund, ei steinkyrkje frå rundt 1150. I Vanylven tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1899. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1917 (Rovde), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922 (Rovde). Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2008/09 har 99,6 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Ordførar er Jan Helgøy (KrF).
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999 Store Norske Leksikon, bd. 15, 2006
|






