Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Øystre Slidre kommune, Oppland

Øystre Slidre er heimkommunen til Ridderrennet, det første skirennet for blinde i verda.

Øystre Slidre kommune, 963 km2, ligg i Oppland, har om lag 3200 innbyggjarar og grensar i vest til Vang og Vestre Slidre, i sør til Nord-Aurdal, i aust til Gausdal, Sør-Fron og Nord-Fron og i nord til Vågå.

I 1849 vart Slidre kommune delt i to, Øystre og Vestre. Etter det har det berre vore mindre endringar – i 1882 vart eit mindre område overført frå Vang, og i 1899 vart eit mindre område overført til Vestre Slidre.

Det meste av busetnaden i kommunen ligg i det austlege hovuddalføret til Begnavassdraget. Til kommunen høyrer òg store fjellvidder, hovudsakleg på austsida av dalføret, og kommunen strekkjer seg opp mot det søraustre hjørnet av Jotunheimen. Her er tre mindre tettstader, Moane, administrasjonssenteret Heggenes og turiststaden Beitostølen. Det høgaste punktet i kommunen er austtoppen av Rasletinden, 2010 moh.

Den dominerande næringa i kommunen er jordbruk, med hovudvekta på husdyrhald. Øystre Slidre er kommunen med flest geiter i fylket, og det er framleis stølsdrift fleire stader i kommunen. Reiseliv er ei anna viktig næringsgrein, spesielt rundt Beitostølen, der det finst fleire store hotell, og der det er tilrettelagde turløyper sommar og vinter. På Beitostølen er det òg eit stort helsesportsenter.

Ved Hegge ligg Hegge stavkyrkje frå tidleg 1200-tal. Ved Rogne var det tidlegare skiferdrift, og om sommaren er der eit lite museum som fortel om skiferdrifta. I 1964 vart Ridderrennet arrangert for første gong. Det var då eit skirenn for synshemma, men er i dag del av ei vintersportveke for folk med mange ulike funksjonshemmingar.

Fagernes-avisa Valdres er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa vart grunnlagd i 1903 og kjem ut fire gonger kvar veke. Avisa er redigert på begge målformer.

I Øystre Slidre tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2008/09 har 85 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Ordførar er Gro Lundby (Ap).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9, 2006


Sist oppdatert: 08.09.2009
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut