Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Førde kommune, Sogn og Fjordane

Nynorsk mediesenter har frå 2004 utdanna ti nynorskbrukande journalistar kvart år. Senteret er ått av NRK og held til i Førde.

Førde kommune, 555 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 11 800 innbyggjarar og grensar i aust til Jølster og Balestrand, i sør til Gaular, i vest til Askvoll og i nord til Naustdal.
 
I 1896 vart Naustdal skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart eit mindre område overført frå Naustdal.
 
Førde ligg rundt dei inste delane av Førdefjorden og strekkjer seg innover i landet, heilt inn til dei vestlegaste delane av Jostedalsbreen. Det aller meste av busetnaden er i eller ved administrasjonssenteret Førde, som har hatt bystatus sidan 1997. Der er òg busetnad i fleire av dalføra i kommunen. Terrenget vert gradvis høgare mot aust, og der ligg det høgaste punktet i kommunen, Grovabreen, 1636 moh.
 
Førde har tradisjonelt vore ein jordbrukskommune, og innanfor jordbruket er husdyrhald det viktigaste. I dag er likevel industri, handel og service viktigare næringar, først og fremst i og ved Førde, som er handelssenter for regionen. Industrien i kommunen er variert, med mellom anna næringsmiddel-, verkstad- og trevareindustri. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane opna i 1979 og er i dag den største arbeidsplassen i Førde. Kulturavdelinga til fylkeskommunen held til i Førde.
 
Sunnfjord Museum held til ved Movatnet, aust for Førde sentrum. Museet opna i 1926, har tretti bygningar og er regionmuseum for indre Sunnfjord. Sogn og Fjordane kunstmuseum har to avdelingar i kommunen, Kunstsenteret i Førdehuset og Kunstmuseet på Prestebøen. Regionteateret Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977 og har base i Førde. Førdefestivalen, ein internasjonal folkemusikkfestival, vart første gongen arrangert i 1990.
 
Avisa Firda er den største avisa i kommunen og dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagt i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.
 
I Førde tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1918. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1941, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har ti grunnskular, og skuleåret 2009/10 har 99,5 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Ordførar er Nils Gjerland (Sp).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene


Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 12.02.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut