Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Eirik Helleve
 

Hornindal kommune, Sogn og Fjordane

Hornindalsvatnet, den djupaste innsjøen i Europa (514 moh.), ligg delvis i Hornindal kommune.

Hornindal kommune, 192 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 1200 innbyggjarar og grensar i sør til Stryn, i vest til Eid og til tre kommunar i Møre og Romsdal – Volda og Ørsta i nord og Stranda i aust.
 
I 1867 vart Hornindal skilt ut frå Eid. I 1965 vart kommunen delt mellom Eid og Stryn, men i 1977 vart den delen som var overført til Stryn, skilt ut som eigen kommune.
 
Kommunen er ein av dei minste i fylket og omfattar Hornindalen og den austre delen av Hornindalsvatnet. Det aller meste av busetnaden ligg i hovuddalføret, frå administrasjonssenteret Grodås ved vatnet, til fylkesgrensa i nordaust. Det er høge fjell på begge sider av dalen, og det høgaste punktet i kommunen er den særmerkte Hornindalsrokken, 1528 moh.
 
Industri er den viktigaste næringsgreina, først og fremst trevare- og møbelindustri. Det finst framleis ein del jordbruk, der husdyrhald dominerer. Turisme er ei veksande næringsgrein, og kommunen har fleire overnattingsstader.
 
Bilethoggaren Anders Svor var frå Hornindal, og i 1954 opna Anders Svor Museum på Grodås, der dei fleste arbeida hans er utstilte. Den Trondhjemske postvei gjekk gjennom Hornindal, og mange fine kvelvingsbruer i stein er enno å sjå på den gamle vegen. Den gamle steinbrua over Honndøla vart restaurert i 1990-åra. Brua ligg like ved Riksveg 60, som går gjennom heile dalen. Hornindal har ein rik folkemusikktradisjon.
 
Fjordingen er lokalavis for Nordfjord og kom første gongen ut i 1928. Avisa kjem ut tre gonger i veka, har hovudkontor i Stryn og er redigert på nynorsk.
 
I Hornindal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1920, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2009/10 har 99,5 % av elevane ved denne skulen nynorsk.
 
Ordførar er Bjørn Lødemel (H).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005.
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene


Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 08.03.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut