Fedje kommune, HordalandFedje er den vestlegaste kommunen i landet, og av kommunane med nynorsk som administrasjonsspråk er han den minste, både i flatevidd og folketal. Fedje kommune, 9 km2, ligg i Hordaland, har om lag 590 innbyggjarar og grensar i nord til Austrheim, i aust til Radøy og i sør til Øygarden.
Kommunen vart skilt ut frå Austrheim i 1947.
Fedje er ein øykommune. Det meste av kommunen ligg på øya Fedje, men det finst over hundre mindre øyar og holmar. Øyane er låge, det høgaste punktet i kommunen er Fedjebjørnen, berre 42 moh. Fedje har hatt fast busetnad sidan 1600-talet, og dei fleste av innbyggjarane bur i administrasjonssenteret Fedje.
Fiske var lenge den dominerande næringsvegen i kommunen. I dag er det lite tradisjonelt fiske att, men mange av verksemdene arbeider med fisk og maritime produkt. Døme på dette er Fedje Sikkerhetssenter, som driv med tryggleiksopplæring for det maritime miljøet, eller Feie Røykeri. I kommunen ligg det òg fleire anlegg for fiskeoppdrett.
Den tidlegare handelsstaden Kræmmerholmen er restaurert og vert i dag brukt som kystkulturmuseum og gjestgivargard.
Nynorsk har vore tenestespråk i kommunen heilt sidan han vart skilt ut i 1947. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2009/10 hadde 94 % av elevane ved denne skulen nynorsk.
Kristin Handeland (Ap) har vore ordførar sidan 2007.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999 Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene
|






