Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Alf Hellevik

Alf Kolbjørn Hellevik, språkforskar og ordbokredaktør. Helleviks gule ordliste blei eit ikon, uunnverleg for dei fleste.

Hellevik var fødd i Fjaler 28. juni 1909 og døydde 8. november 2001. Han blei cand.philol. i 1938 og var lærar ved Norsk Korrespondanseskole i Oslo før han i 1946 blei knytt til redaksjonen av Norsk Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Her var han hovudredaktør i 30 år, frå 1948 til 1978. Han var òg dosent i nordisk språkvitskap og leiar av nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt ved Universitetet i Oslo frå 1972 til 1977.
 
Hellevik var skiftevis formann og varaformann i Norsk språknemnd 1952–72 og medlem av Norsk språkråd 1972–79.
 
Nynorsk ordliste av Alf Hellevik kom første gongen i 1959, som ei nyredigert utgåve av Einar Breidsvolls ordliste frå 1938. Helleviks ordliste er trykt i 2,5 millionar eksemplar. Han la stor vekt på å modernisere den nynorske språkføringa, og med denne ordlista blei difor Hellevik eit synonym for god og moderne nynorsk. Det redaksjonelle arbeidet med nye utgåver er frå og med 9. utgåva i 2000 ført vidare av Aud Søyland og Kåre Skadberg. 
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006


Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 15.03.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut