Jorunn VeitebergJorunn Veiteberg, kunsthistorikar, dr.philos. og forfattar av ei rekkje bøker og artiklar om kunst og kunstnarar. Ho har vore spesielt oppteken av reklame, plakatar og kunsthandverk. Veiteberg er fødd på Stord 23. juli 1955, utdanna ved Universitet i Bergen og bur i København. Ho er frilansskribent og -kurator og professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen. Veiteberg har vore redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk (1998–2007), har kuratert ei rekkje utstillingar i inn- og utland og har hatt verv i ulike styre, komitear og juryar.
Av publikasjonar må nemnast doktoravhandlinga frå 2000 om norske plakatar i historisk perspektiv og debattboka Kunsthandverk frå 2005 om kunsthandverket si utvikling og stilling i dag. Boka finst òg i engelsk utgåve, Craft in transition. Utviklinga av kunsthandverk frå å vere bruksting til skulptur, er noko Veiteberg lenge har vore oppteken av. I artikkelen «To use and being used by language» (2005) samanliknar ho denne utviklinga med utviklinga av nynorsk, og tek mellom anna utgangspunkt i eigne erfaringar som nynorskbrukar.
Kjelder
Presentasjon på nettsidene til Kunsthøgskolen i Bergen: http://www.khib.no/khib/Ressurser/Ansatte/Faglig-ansatte/Veiteberg-Jorunn
Om doktordisuptasen 2000, nettsidene til Universitetet i Bergen: http://www.uib.no/info/dr_grad/2000/Veiteberg.html
|






