Veiteberg er fødd på Stord 23. juli 1955, utdanna ved Universitet i Bergen og bur i København. Ho er frilansskribent og -kurator og professor II ved Kunsthøgskolen i Bergen. Veiteberg har vore redaktør for tidsskriftet Kunsthåndverk (1998–2007), har kuratert ei rekkje utstillingar i inn- og utland og har hatt verv i ulike styre, komitear og juryar.
Av publikasjonar må nemnast doktoravhandlinga frå 2000 om norske plakatar i historisk perspektiv og debattboka Kunsthandverk frå 2005 om kunsthandverket si utvikling og stilling i dag. Boka finst òg i engelsk utgåve, Craft in transition. Utviklinga av kunsthandverk frå å vere bruksting til skulptur, er noko Veiteberg lenge har vore oppteken av. I artikkelen «To use and being used by language» (2005) samanliknar ho denne utviklinga med utviklinga av nynorsk, og tek mellom anna utgangspunkt i eigne erfaringar som nynorskbrukar.
Kjelder