Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Halvdan Furholt

Bjarne Halvdan Furholt, lærar, målmann og spelemann

Halvdan Furholt er fødd 2. mars 1931 i Vegusdal i Aust-Agder og bur i Songdalen kommune i Vest-Agder. Han er utdanna lærar, med musikk og engelsk som tilleggsfag. Furholt var tilsett ved Songdalen Ungdomsskole 1967–95, i ti av desse åra som rektor.
 
Saman med dottera Ragnhild Furholt og broren Otto Furholt gav han ut albumet Agderkrullar (1981). Han var òg med på plata Fra den sørlandske folkesjel (1984) som domorganist Bjarne Sløgedal gav ut. Furholt gav sjølv ut CD-plata Agderslåttar i 2002.
 
Halvdan Furholt spelar hardingfele, har vore aktiv i Kristiansand spelemannslag i ei årrekkje og har vore viktig for folkemusikken på Agder. Furholt har vore med på mange festivalar og landskappleikar. Sidan 1978 har han spela i klasse A.
 
Han var leiar av Songdalen Mållag i ei årrekkje, av Vest-Agder Mållag fleire år i 1980-åra og har arbeidd med skulemålsrøystingar på Agder.
 
Halvdan Furholt blei æresmedlem i Vest-Agder Mållag i 2001 og i Landslaget for Spelemenn i 2007.


Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 02.02.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut