Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys, politikar frå Sunnfjord som har representert SV på både lokal- og riksnivå. Sidan hausten 2005 har ho vore norsk fornyings- og administrasjonsminister.

Røys vart fødd i Bremanger 6. mai 1967 og er utdanna førskulelærar ved Bergen lærarhøgskule i 1989. Ho har vore avdelingsleiar og styrar ved Havreneset barnehage i Florø i åra 1989–1996.
 
Røys har representert SV i Flora formannskap og bystyre og har hatt ulike verv i SV lokalt og på fylkesplan. I 1999–2000 var ho politisk rådgivar i SV si stortingsgruppe, og i 2001 vart ho vald inn som den første stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane for SV nokon gong. Ved stortingsvalet i 2005 vart Røys ikkje attvald, men 17. oktober 2005 vart ho utnemnd til statsråd med ansvar for det nyoppretta Fornyings- og administrasjonsdepartementet i den andre Stoltenbergregjeringa.
 
Som minister har Røys engasjert seg i ei rekkje tiltak for å fornye offentleg sektor, mellom anna fleire miljøtiltak, høgare etikkrav, betre språk, større openheit og ein mindre marknadsretta arbeidsgivarpolitikk. Eit hovudprosjekt har vore arbeidet med å forenkle bruken av offentlege tenester på Internett og utbygging av breiband i distrikta.


Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.02.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut