Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Hans Olav Tungesvik

Hans Olav Tungesvik, politikar og spesialist i psykiatri.

Tungesvik er fødd i Skånevik 22. mai 1936. Han blei cand.med. ved Universitetet i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri frå 1975. Tungesvik var lege fleire stader før han i 1985 blei dagleg leiar for den psykiatriske institusjonen Frihamn-senteret i Skånevik. I 1996 blei han også sjefslege ved Modum Bads Nervesanatorium.
 
Tungesvik var kommunestyremedlem i Kvinnherad 1967–69 og i Etne 1971–75. Då gjekk han over frå Venstre til KrF, og han var stortingsrepresentant for dette partiet frå Hordaland 1977–85.
 
Tungesvik har vore ein dugande formidlar av medisinsk kunnskap og gjorde særleg lykke med radioprogrammet «Eit kvarter med legen» frå 1970, utgitt i bokform som 30 kvarter med legen (1974).
 
Han var formann i Noregs Mållag 1965–70 og formann i folkeaksjonen mot sjølvvald abort 1974–75.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006


Først publisert: 08.09.2009
Sist oppdatert: 27.04.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

ANDRE ARTIKLAR

Noregs Mållag