Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne er eit digitalt nynorsk leksikon. Mange forfattarar produserer artiklar for Allkunne, men vi treng fleire! Artiklane i Allkunne blir honorerte etter vanlege leksikonsatsar.

Vi er òg på jakt etter fagkonsulentar med formell kompetanse innan fagfelta biologi, kjemi, meteorologi og offentleg administrasjon. Andre fagfelt er òg aktuelle, ta kontakt om du er interessert. Fagkonsulentar blir honorert etter standard satsar.

For meir informasjon, kontakt dagleg leiar på allkunne@allkunne.no

Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Revidert av fagkonsulent Gudleiv Forr
 

Stortinget

Stortinget er namnet på nasjonalforsamlinga i Noreg som møttest første gong på Eidsvold 10. april 1814, då som Riksforsamlingen som vedtok Grunnlova av 17. mai 1814. Totalt har dagens Storting 169 representantar.

Talet på representantar og fordelinga av dei mellom valdistrikta vart fastsett i Grunnlova i 1859. Frå 1859 til 1919 auka talet gradvis frå 111 til 150 representantar. Ved valet i 1973 vart talet heva til 155, i 1985: 157, i 1989: 165 og i 2005: 169, sjå valordning.
 
Stortinget var fram til 2009 delt i to avdelingar: Odelsting og Lagting med høvesvis tre firedelar og ein firedel av stortingsrepresentantane. Delinga skjedde ved lovhandsaming. Frå 2009 vert alle lovsaker handsama i plenum.
 
Stortinget vert leidd av presidentskapet og har halde til i Stortingsbygningen i Karl Johansgate i Oslo sidan 1866. Parlamentsbygningen vart utvida i 1959. Nærliggjande bygardar vart innlemma i 1978 og 1988 med underjordisk garasjeanlegg bygd under Eidsvolds plass.
 
Stortingsvalet 2009 gav følgjande partifordeling i Stortinget: Arbeidarpartiet: 64 representantar; Framstegspartiet: 41 representantar; Høgre: 40 representantar; Sosialistisk Venstreparti: 11 representantar; Senterpartiet: 11 representantar; Kristeleg Folkeparti: 10 representantar; Venstre: 2 representantar. Totalt har Stortinget 169 representantar.
 
 
 
«Eidsvoll 1814» av Oscar Wergeland (1885). Foto: Stortingsarkivet, Teigens fotoatelier as, flickr.com CC BY-ND 2.0
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Først publisert: 21.11.2012
Sist oppdatert: 15.04.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Stortingssalen. Foto Stortinget, flickr.com CC BY-ND 2.0