Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Oddvar Flæte

Oddvar J. Flæte, fylkesmann i Sogn og Fjordane. Han har ei tidlegare karriere innanfor industrien i fylket, NSB og ymse typar konsulentverksemd.

Flæte er fødd 31. mars 1944 i Årdal og voks opp der og i Høyanger. Han har utdanning frå Bedriftsøkonomisk Institutt og arbeidde i 1971–74 som leiar i Industriens Konsulentservice i Haugesund, deretter i ulike stillingar i Årdal og Sunndal Verk fram til 1983, mellom anna som leiar for Vik Verk. Seinare arbeidde han ei tid for Norwegian Petroleum Consultants og dreiv sitt eige konsulentfirma, Temaran, før han i 1992–94 var trafikk- og godsdirektør i NSB. I 1994 vart han utnemnd til fylkesmann i Sogn og Fjordane, men i 2008 tok han permisjon frå embetet for å hospitere ved Vest-Norges Brusselkontor.
 
Ei av hjartesakene til Flæte har vore satsing på informasjonsteknologi. I hans embetstid har internettprosjektet noreg.no vorte utvikla som ein portal for offentlege tenester i Noreg, i utgangspunktet med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som driftsansvarleg.
 
Kjelder
Gerdfinn Eithun: «Ein folkeleg embetsmann», Bergens Tidende 31.3.2004
Einar Førde: «Fylkesmannen – ein korreksjon», Bergens Tidende 7.4.2004
Svein Lundevall: Framover, men ... Med fylkeskommunen i 20 år. Leikanger 1999
 
Peikarar


Først publisert: 21.07.2009
Sist oppdatert: 27.08.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut