Olaug NilssenOlaug Nilssen, skribent og dagleg leiar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Nilssen er fødd i Solheimsdalen i Førde 28. desember 1977. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med faga nordisk, sosiologi og litteraturvitskap, og ho gjekk på Skrivekunstakademiet same staden. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og saman med Gunnhild Øyehaug starta ho i 2005 tidsskriftet Kraftsentrum, der ho var medredaktør til bladet gjekk inn i 2008. I fleire år hadde Nilssen bloggen «Eit eige rom med utsikt», som blei nedlagd i 2008. Ho har også vore aktiv som kritikar og som foredragshaldar. I 2006 var ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela.
Nilssen debuterte i 1998 med boka Innestengt i udyr. Også Vi har så korte armar (2002) og Få meg på, for faen (2005) er skjønnlitterære bøker som kan kallast romanar. Barneboka Ronnys rumpe kom i 2004, og essaysamlinga Hybrideleg sjølvgransking kom i 2005.
I 2006 debuterte Nilssen som dramatikar med stykket Skyfri himmel på Rogaland Teater. Framføringa var bygd opp kring songar av Bjørn Eidsvåg. Også romanen Få meg på, for faen er blitt dramatisert, og stykket blei spelt på Det Norske Teatret i 2007.
I 2004 blei Nilssen kåra av Morgenbladet til ein av dei ti mest interessante forfattarane under 35 år. I 2006 blei ho kåra til Årets rollemodell av lesarane av Det Nye. Nilssen fekk stipend frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond og Sigmund Skard-stipendet i 2004. Året etter, i 2005, fekk ho Bergensprisen for boka Få meg på, for faen. I 2005 fekk ho òg Sunnmørsprisen.
Særprega forfattarskap
Forfattarskapen til Nilssen har fleire særdrag. Eit påfallande trekk er det fragmenterte: Tekstane er sette saman av brotstykke og bitar av ulikt slag. Det kan vere dagbøker, dikt, rapportar, referat, avisutklipp, songar, teikneseriar og spørjeundersøkingar. Bøkene har òg sterke trekk av intertekstualitet, noko som er delvis samanfallande med denne fragment-teknikken, ved at eit tekstfragment kan vere henta ein annan stad frå. Men like gjerne ovrar det intertekstuelle seg som skjulte sitat i teksten: brotstykke og bitar av salmar og stumpar og Bibelen og Vangsgutane som dukkar opp og forsvinn att – og skaper attkjenningsglede hos dei som har lese skriftene Nilssen har lånt frå.
Det subjektive og det teatrale
Som bloggar var Nilssen utprega subjektiv. Sjangeren er då også ein mellomsjanger, der terskelen er låg for å lyfte private saker ut i det offentlege rommet. «Eit eige rom med utsikt» var likevel ingen påtrengjande privat blogg, i tydinga utleverande. Namnet er også utprega litterært, sett saman som det er av dei to boktitlane A room of ones own (Virginia Woolf) og A room with a view (E.M. Forster). Også som kritikar har Olaug Nilssen valt ein sterkt subjektiv, leiken og uhøgtideleg stil, der kritikarens møte med teksten står sentralt.
Det sceniske, eller teatrale, er tydeleg gjennom heile forfattarskapen til Nilssen. Personane har lett for å tenkje seg at dei blir observerte, og dei set dermed seg sjølve i scene. Det kan vere knytt ulyst til dette, som når Ølgjer Bjørnson i Vi har så korte armar stadig blir observert når han ønskjer å vere usynleg. Eller det kan vere noko ein lengtar etter, slik Maria gjer i Få meg på, for faen, der ho går med replikkane på tungespissen i tilfelle det skulle dukke opp eit fjernsynsteam. Også teksten signaliserer det teatrale ved at det er lagt inn scenetilvisingar, rolleinstruksar og grafiske instruksar i form av store bokstavar, kursiv og ropeteikn. Naturtilstanden er sjeldan. Og der han kjem til syne, er han helst knytt til skam.
Skam
Skamma oppstår gjerne der personane har mist kontrollen og avslørt kven dei verkeleg er. Det kan skje gjennom at dei snakkar altfor mykje om banale, private ting, eller at kroppen avslører lyst i utide. Ukontrollert inntak av mat og alkohol er òg skammeleg. For bondestudentane i Vi har så korte armar er det skammeleg å kome frå bygda. Å bli sedd som den ein er, utan å bli hengd ut til spott og spe, er ein utopi mange av personane deler.
Kjelder
Sarah Selmer: «Kunsten å lyve ærlig», Vinduet nr. 2/ 2006
Div. forf.: Forfattarhefte Olaug Nilssen, Biblioteksentralen 2006
|







