Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete, politikar frå Sogn som har representert Senterpartiet både på lokal-, fylkes- og riksnivå. Sidan hausten 2005 har ho vore norsk samferdsleminister.

Navarsete er fødd 23. oktober 1958 i Sogndal. Dei seinare åra har ho budd i Lærdal. Ho har utdanning som cand.mag. i økonomi, administrasjon og IKT ved Høgskulen i Sogn og Fjordane 1999. Yrket sitt har ho hatt innan landbruket som sjølvstendig næringsdrivande sidan 1977, frå 1987 til 1996 som salskonsulent for Sogn og Fjordane meieri.
 
Forutan å ha sete i kommunestyra både i Sogndal og Lærdal har Navarsete vore medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane 1995–1999 og fylkesutvalet 1999–2005. I 2005 vart ho vald inn som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane for SP (vara 2001–05), men ho gjekk snart over i jobben som statsråd. Navarsete var leiar i Sogn og Fjordane SP 1998–2004, og vart i 2001 2. nestleiar i SP sentralt. Ho har elles hatt ei rekkje offentlege og private verv, mellom anna som styremedlem i Gjensidige Forsikring og styreleiar i Vestlandsforsking. I 2007 fekk ho Storegutprisen for god og levande nynorskbruk.  
 
Som samferdsleminister har Navarsete blitt stilt overfor store utfordringar. I hennar periode har klimaendringane sett sitt preg på det offentlege ordskiftet, og miljørørsla har kravd mindre utslepp frå transportsektoren. Svaret på dette har blant anna vore auka statlege investeringar i jernbanenettet. På den andre sida har mange hatt store forventningar til at Navarsete skulle få til løysingar på uløyste vegprosjekt, ikkje minst i distrikta. Ho har likevel avvist offentleg-privat samarbeid (OPS) som finansieringsmåte i vegsektoren.
 
Våren 2008 markerte Navarsete seg som ein verdikonservativt medlem av regjeringa. Saman med Magnhild Meltveit Kleppa tok ho dissens på forslaget i den nye ekteskapslova om å gi lesbiske tilgjenge til assistert befruktning. Dette var den første dissensen i denne regjeringa.


Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 15.02.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut