Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Petra Kvisli

Petra Kvisli, forfattar og lærar. Ho var ei av dei tidlege kvinnene i nynorsk kulturhistorie.

Kvisli var fødd i Arendal 1. mars 1874 og døydde 15. juli 1947. Etter å ha teke lærarskuleeksamen i 1900 var ho lærar i Åmot og Barbu før ho kom til Stor-Elvdal og seinare blei lærar i teikning ved Ringsaker fylkesskule.
 
Ho redigerte bladet til ungdomsforbundet Breidablikk. Kvisli debuterte med forteljinga Birgit (1907) og skreiv seinare forteljinga Tora Dal (1912) og skodespela Ikkje vaksen (1911) og Elskhug og skoghandel (1914).
 
Kvisli er mest kjend for songen «Eg elskar dei voggande tonar», prenta i Den 17de Mai i 1898.
 
Kjelder
Anton Aure: Kvinnor i den nynorske bokheimen. Stutte livsskildringar. Kristiania 1916
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006


Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 03.08.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut