Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Tordis Maurstad

Tordis Elfrida Maurstad, skodespelar. Ho sette standarden for moderne skodespelarkunst.

Maurstad var fødd i Kristiansund 24. desember 1901 og døydde 10. januar 1997. Ho debuterte i 1923 i Johan Falkbergets Fjellsjøheidningen på Edvard Drabløs' teaterturné på Flisa, og arbeidde ved Det Norske Teatret heile sitt teaterliv, frå 1923, med unntak av to sesongar.
 
Med formsikker og sterk scenekunst hadde Maurstad mykje å seie for den kunstnarlege profilen og omdømet til dette teatret. Ho meistra så vel klassisk og moderne dramatikk som filmmediet og fjernsynsteatret.
 
For tolkinga si som Mary Tyrone i Lang dags ferd mot natt av Eugene O’Neill fekk ho Kritikarprisen i 1962.
 
Kjelder
Svein Erik Brodal: Tordis Maurstad. Oslo 1981
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år 1913–1963. Oslo 1963


Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 06.08.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

ANDRE ARTIKLAR

Det Norske Teatret