Allkunne

Sjøanemone

Sjøanemonar eller sjøroser, Actiniaria, er ein orden av sekstalkorallar som liknar planter. Dei fleste er rovdyr og lever enkeltvis. Vi kjenner til over 1000 artar av sjøanemonar, og av desse lever om lag 60 i norske farvatn frå fjæra og ned til større djup.
 
Sjønellik, Metridium senile, vert opptil 20 cm høg og har over 100 fangarmar. Sjå koralldyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut


Sjønellik. Foto: Eric Heupel flickr.com