Allkunne
Svein Tuastad
 

Miljøpartiet Dei Grøne

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), norsk politisk parti, stifta i 1988. Partiet er ein utfordrar for dei etablerte partia, særleg på miljøområdet.

Miljøpartiet Dei Grøne vart til etter at miljøvernarar med bakgrunn i «Framtiden i våre hender», inspirerte av nye grøne parti i mellom anna Danmark, Sverige og Tyskland, ville ha ei ny partidanning i Noreg òg. Den første leiaren for partiet, eller talspersonen som partiet kallar det, var Ove Braaten.
MDG arbeider for at omsynet til miljøet skal vere gjennomgripande og gjelde på alle samfunnsområde, til dømes i samferdselspolitikken og i landbruket. Partiet avviser at økonomien må vere basert på vekst. MDG vil stille seg nøytral til partiblokkene.
 
Partiet fekk sin første stortingsrepresentant ved valet i 2013, då Rasmus Hansson frå Oslo vart vald inn. Hansson har bakgrunn i miljøorganisasjonen World Wide Fund for Nature (WWF).
 
På landsmøtet i 2014 valde partiet Hilde Opoku og Rasmus Hansson som nasjonale talspersonar.
 
Rasmus Hansson. Foto: Monica Løvdahl, MDG, flickr.com CC BY 2.0

Sommaren 2013 hadde partiet 3249 medlemer. Partiet fekk gjennombrot i lokalpolitikken ved 2011-valet, då partiet vart representert i alle dei største byane og sin første representant på Stortinget to år etter.
 
Politikk og ideologi
Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer ei meir omfattande samfunnsendring i grøn retning enn dei andre partia. Politikarane i MDG er til liks med politikarar i andre miljøparti opptekne av dei klassiske naturvernsakene og av å stogge klimaendringane. Partiet vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Det som særmerkjer MDG, er at den grøne profilen skal gjelde på alle samfunnsområde. Finansdepartementet skal erstattast av eit berekraftsdepartement. Olje- og energidepartementet vil partiet erstatte med eit Klima- og energidepartement som legg vekt på fornybar energiproduksjon, og partiet avviser økonomisk vekst som eit eigna mål for velferdsnivået. I landbrukspolitikken vil partiet ha høgare nasjonal sjølvforsyning og overgang til ein økologisk produksjonsmåte.
 
Partiet vil òg lyfte fram nye typar av politiske saker. Tilgang til Internett vert sett på som ein menneskerett. Internett er ein allmenning der folk har fridomsrettar. Borgarrettane er òg digitale rettar som inneber rett til kunnskap, ytringsfridom og deling. Dyrevelferd er ei anna viktig sak for Miljøpartiet Dei Grøne.
 
Partiet er på den eine sida likt partia på venstresida ved at MDG opnar for sterk statleg regulering av økonomien. Partiet går til dømes på same måten som fagrørsla imot ei liberalisering av arbeidsmiljølova for å gjere det enklare å tilsette vikarar. På den andre sida er partiet, i motsetnad til dei tradisjonelle venstrepartia, mindre oppteke av om det er det offentlege eller private som utfører tenester. MDG har eit positivt syn på private skular, og partiet vil avvikle sexkjøpslova og avkriminalisere narkotikarbruk.
 
Før stortingsvalet i 2013 slo leiande politikarar i partiet fast at dei ikkje ville binde seg til nokon av blokkene før valet, men stå fritt til å samarbeide med dei partia eller partigruppene som klarast gjekk inn for ein grøn politikk.
 
I samband med stortingsvalet i 2013 har Miljøpartiet Dei Grøne utvikla ein meir heildekkjande politikk, som òg inkluderer eit ambisiøst språkpolitisk kapittel. Partiet meiner at nynorsk og bokmål «må dyrkes og vernes, både i skolen og i det offentlige rom» (arbeidsprogrammet 2013–17). MDG meiner at det å få fram det språklege mangfaldet og reell jamstilling handlar om bruk av verkemiddel, ikkje berre om økonomiske tiltak. Partiet vil at innvandrarar i nynorskkommunar skal få norskopplæringa si på nynorsk, at lova om målbruk i offentleg teneste skal handhevast, og at elevane skal få opplæring i både nynorsk og bokmål alt i barneskulen. MDG vil at retten til læremiddel på eige hovudmål skal verte reell.
 
I fleire andre europeiske land har søsterpartia til MDG hatt stor veljarsuksess, særleg der det ikkje alt var etablert klare miljøparti med «sakseigarskap» til miljøsaka då det nye grøne miljøpartiet kom til. I Finland, Belgia, Frankrike, Irland og Tyskland har dei grøne partia sete i regjering. Ved 2010-valet i Sverige fekk Miljøpartiet de Gröna 7,3 prosent av røystene, medan Die Grünen i Tyskland i 2009 gjorde det beste valet nokon gong og fekk 10,7 prosent av røystene ved valet på nasjonalforsamling (Forbundsdagen).
 
Når det gjeld ideologi, går eit hovudskilje i grøn politisk tenking mellom dei moderate, som vil byggje vidare på det rådande systemet, og dei radikale, som vil ha grunnleggjande endringar og fremje ei heilt ny tenking om relasjonen mellom menneske og miljø.
 
På den eine sida hevdar dei som vil ha ein moderat og reformvenleg miljøpolitikk, at samfunnet må gjerast berekraftig, men mennesket må framleis kunne nytte naturen med eit primært mål om å sikre menneskeslekta stadig betre livsvilkår. Mennesket står i sentrum.
 
I motsetnad til eit slikt antroposentrisk startpunkt, med mennesket i sentrum, plasserer den radikale, ikkje-antroposentriske tenkinga mennesket på lik linje med andre livsformer. Levande vesen har verdi uavhengig av nytten for menneska. Naturen må vernast mot unødvendige inngrep. Politikken skal ikkje berre målast etter om han tener mennesket og sikrar berekraft, men etter korleis han er for heile det økologiske systemet, utan at mennesket står i sentrum. Den siste tankegangen vert kalla djupøkologi. Det var den norske filosofen Arne Næss som grunnla djupøkologien. I tillegg til djupøkologien er MDG òg inspirert av andre og meir moderate former for økofilosofi.
 
Moderat antroposentrisk tenking kontra radikal, ikkje-antroposentrisk tenking skaper eit spenningsforhold i miljørørsla og i MDG. Ei delvis parallell spenning i MDG og dei grøne partia i Europa går mellom dei som ivrar mest etter fundamentale endringar, og dei som er meir pragmatiske.
 
Ein annan type stridsspørsmål, som førte til heftig strid i dei europeiske grøne partia, gjaldt organisasjon vel så mykje som politikk. Ei gruppering, i Tyskland kjend som «Fundis», som er ei forkorting av «fundamentalistane», gjekk inn for mest mogleg grasrotdemokrati og minst mogleg styring ovanfrå. Den andre grupperinga, «Realos» – «realistane» – gjekk inn for at dei grøne partia i større grad skulle vere organiserte etter same malen som andre parti. I Tyskland vann dei siste fram, etter eit katastrofeval for partiet i 1990. I 20-årsperioden etterpå har Die Grünen vore ein maktfaktor i tysk politikk, med ei veljaroppslutning på mellom 5 og 10 prosent ved vala.
 
Eit innslag av partiorganisering som er meir i tråd med tanken om grasrotdemokrati hos det norske Miljøpartiet Dei Grøne, er at MDG til skilnad frå dei andre norske partia har ein talsmann og ei talskvinne. Det er dei som skal fronte politikken, i staden for ein leiar og ein eller fleire nestleiarar.
 
Verdiane til Miljøpartiet Dei Grøne er ein kombinasjon av mangfald og fellesskap. På den eine sida er ein i MDG liberale ved å krevje toleranse for kulturelle minoritetar, på den andre sida ønskjer partiet å fremje ein bestemt livsstil som harmonerer med økofilosofisk tenking.
 
Historie
Miljøpartiet Dei Grøne vart stifta 29. oktober 1988 på Rondetunet turistgård i Rondane. Ove Braaten var den første leiaren, eller talspersonen. Han vart vald på det første landsmøtet, som vart halde i Bø i 1989. Braaten hadde vore sentral i prosessen før partidanninga. Som medlem i Arbeidarpartiet hadde han arbeidd for ideane til Erik Damman og naturvernarane i Framtiden i våre hender (FIVH) internt i Arbeidarpartiet, men han vann ikkje fram. Haldninga til FIVH var at medlemene burde arbeide internt i dei partia dei var medlemer av, i staden for at FIVH skulle verte eit eige parti. Då Braaten i desember 1984 føreslo å skipe eit nytt parti i eit innlegg i Folkevett, magasinet til FIVH, synte det seg at fleire var interesserte i partidanning.
 
Initiativtakarane var inspirerte av stiftinga av liknande parti i Sverige og Danmark og ikkje minst i dåverande Vest-Tyskland, der Die Grünen alt var etablert som eit viktig parti i Forbundsdagen. Dei norske partistiftarane studerte programmet til det framtidige tyske søsterparti sitt nøye. Det vart arrangert ein møteserie i gamle Ullevål kino der meiningsfellar, mange alt aktive i miljø- og fredsrørsla, var samla, og partiet sin politikk vart meisla ut. Mellom inspiratorane og deltakarane i den politiske prosessen var økofilosofane Arne Næss og Sigmund Kvaløy Setreng og fredsforskaren Johan Galtung. I arbeidet med partiprogrammet var særleg spørsmålet om NATO vanskeleg å kome til semje om.
 
Partiet hadde ved den nasjonale samlinga allereie lokalpolitisk representasjon i nokre byar, og i 1989, ved det første stortingsvalet partiet deltok i, fekk MDG 0,4 prosent av røystene. I seinare val har partiet vore ganske langt unna å heve prosenten med omsyn til veljaroppslutning, men partiet fekk eit markert oppsving ved lokalvalet i 2011. Då fekk partiet 1,4 prosent av røystene og representasjon i alle dei store byane. Dei nesten 22 000 røystene MDG fekk ved lokalvalet i 2011, var fleire enn ved dei fire føregåande lokalvala til saman. Ved vala frå 1991 til 2009 hadde Miljøpartiet Dei Grøne mellom seks og åtte kommunestyrepolitikarar ved kvart val. I 2011 vart 18 valde inn. Vinden i segla synte seg òg i medlemstalet, som vart dobla frå 2011 til 2013. Før stortingsvalet i 2013 tydde ei rekkje meiningsmålingar på at partiet låg godt an til å verte representert på Stortinget for første gong.
 
MDG enda på ein oppslutnad på 2, 8 prosent, noko som gav eit mandat på Stortinget. Rasmus Hansson vert partiet sin første stortingsrepresentant.
 
Det kan vere fleire grunnar til at Miljøpartiet Dei Grøne opplevde framgang frå tida rundt 2011. På den eine sida vart rommet for eit nytt miljøparti større fordi det eine av dei partia som vert rekna som mest miljøvenlege i Noreg, SV, måtte inngå kompromiss som regjeringsdeltakar. SV vart då ofte kritisert av miljøvernorganisasjonane. På den andre sida garanterte det andre etablerte miljøpartiet, Venstre, for ei regjering med Framstegspartiet, eit parti som står svært langt frå miljørørsla.
 
Ein annan grunn til oppsvinget i 2011–13 kan vere målvite politisk og organisatorisk arbeid internt i Miljøpartiet Dei Grøne. Ikkje berre vart den politiske profilen oppdatert, men det vart òg gjort eit organisatorisk fornyingsarbeid etter at nye personar kom inn i leiinga nokre år tidlegare. Partiet vart likare dei andre partia organisatorisk. Dessutan fekk partiet auka truverde og medieeksponering då folk som hadde markert seg på ulike felt i den offentlege debatten, vart stortingskandidatar for partiet. Mellom dei var Thomas Hylland Eriksen, professor i sosialantropologi, Dag Hessen, biologiprofessor, Øyvind Strømmen, sakprosaforfattar med norsk og internasjonal høgreekstremisme som spesialfelt, Shoaib Sultan, med bakgrunn i Islamsk Råd Norge, og sist, men ikkje minst, den markante miljøvernaren Rasmus Hanssen.
 
Veljarprofil og organisasjon
Når det gjeld veljarprofil, har Miljøpartiet Dei Grøne hatt for låg veljaroppslutning til at dei norske valundersøkingane kan vise ein klar veljarprofil for partiet. Men vi kan rekne med at dei gruppene MDG appellerer mest til i Noreg, liknar dei gruppene det svenske Miljøpartiet de Gröna (MP) står sterkast blant. Det svenske miljøpartiet står klart sterkast blant yngre veljargrupper, og det står litt sterkare blant kvinner enn blant menn. Medan berre to prosent av dei med lågast utdanning røystar på partiet, røysta heile 16 prosent av dei med høgast utdanning på MP i 2010. Samstundes står det svenske Miljøpartiet de Gröna sterkt blant dei med lågast inntekt, og partiet er noko meir populært i byane enn på landsbygda.
 
Med utgangspunkt i det svenske partiet kan det vere grunn til å tru at også det norske Miljøpartiet Dei Grøne står sterkast blant yngre veljarar, blant høgtutdanna og blant dei som bur i byane. Bakgrunnstala for ei meiningsmåling før stortingsvalet i 2013, der MDG fekk ei oppslutning på 3,8 prosent på målinga, synte at partiet stod mykje sterkare blant yngre veljarar enn blant dei eldre veljargruppene. Målinga tydde på at Oslo-området var den klart sterkaste regionen og Midt-Noreg den svakaste, medan partiet hadde litt høgare oppslutning blant kvinner enn blant menn.
 
Dei viktigaste ledda i partiorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne i Noreg er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret, arbeidsutvalet, fylkeslaga og lokallaga. Landsmøtet er det øvste styringsorganet og vert samla kvart år. I staden for ein leiar og nestleiarar har MDG, til liks med det svenske søsterpartiet, to talspersonar, den eine skal vere kvinne og den andre mann, i leiinga av partiet. Landsstyret består av dei to talspersonane og anten leiaren av kvart av fylkeslaga eller ein annan representant frå fylkeslaget, i tillegg til ein av talspersonane til ungdomsorganisasjonen. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet, og dette styret skal vere samla minst to gonger kvart år. Sentralstyret består av dei to talspersonane for partiet, partisekretæren, internasjonal kontakt, seks landsmøtevalde medlemer og i tillegg ein talsperson frå ungdomsorganisasjonen. Det er sedvane i partiet at det skal vere kjønnsbalanse i sentralstyret.
 
Ungdomsorganisasjon til partiet er Grøn Ungdom.
 
I 2011 var inntektene til Miljøpartiet Dei Grøne 1, 9 millionar kroner. 78 prosent av inntektene var offentleg støtte, ni prosent var inntekter frå medlemskontingenten, tre prosent fekk MDG frå kommersielle føretak, medan ti prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til MDG før 2013-valet var på 1,5 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.
 
I motsetnad til dei andre partia har ikkje Miljøpartiet Dei Grøne ei dagsavis eller eit magasin som er eller har vore assosiert med partiet, jamvel om skipingsprosessen til partiet sprang ut av Folkevett, magasinet til Framtiden i våre hender.
 
Partiet har mange sympatisørar som er aktive i miljørørsla. Men det er ingen formelle band mellom dei ulike miljøorganisasjonane og MDG.
 
Kjelder
Jan Bojer Vindheim, telefonsamtale 14.8.2013
Ove Braaten, telefonsamtale 10.8. og 11.8.2013
Hanna Marcussen, telefonsamtale 16.8.2013
Jan Bojer Vindheim, telefonsamtale 14.08.13
Mikkel Storm Glomstein, telefonsamtale 13.8.2013
Øyvind Strømmen, e-post 10.8. og 11.8.2013
 
Terence Ball og Richard Dagger: «Green politics. Ecology as Ideology», i Terence Ball og Richard Dagger: Political Ideologies and the Democratic Ideal, International Edition, Pearson
Harald A. Nissen og Rasmus Hansson: «Eit steg vidare», Klassekampen 7.8.2013
Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013
Michael O´Neill: «New Politics, Old Predicaments. The Case of the European Greens», The Political Quarterly, årgang 68/1
Anders Ravik Jupskås: «Miljøpartiet de grønne og det politiske rommet», Norsk Statsvitenskaplig Tidsskrift, nr. 2/2013
 
Marit Bendz: «Kulturfolkets stemme», klassekampen.no, publisert 10.8.2013: http://klassekampen.no/61814/article/item/null/kulturfolkets-stemme [lesedato 14.8.2013]
Espen Gamlund: «Har dypøkologien en fremtid?», morgenbladet.no, publisert 6.1.2006: http://morgenbladet.no/debatt/2006/har_dypokologien_en_fremtid#.Ug5wuW3N6F8 [lesedato 16.8.2013]
Sigmund Kvaløy Setreng: «Økofilosofi, ei kort innføring», Dag og Tid 30.4.2004: http://old.dagogtid.no/arkiv/2004/18/okofil/ [lesedato 14.8.2013]
Nettstaden til Miljøpartiet Dei Grøne: http://www.mdg.no/ [lesedato 14.8.2013]
«Partifinansiering, etter inntektskilde og parti. 2011». Statistisk sentralbyrå, ssb.no: http://www.ssb.no/a/kortnavn/partifin/tab-2012-09-06-01.html [lesedato 28.7.2013]
Henrik Pryser Libell: «Tror på grønn bølge», dagsavisen.no, publisert 25.7.2013: http://www.dagsavisen.no/samfunn/tror-pa-gronn-bolge/ [lesedato 14.8.2013]
Statistiska centralbyrån, Sverige, 2011: Åttapartivalen 2010. Allmänna valen. Valundersökningen. Tilgjengeleg på nett: http://www.scb.se/statistik/_publikationer/ME0106_2010A01_BR_ME05BR1101.pdf [lesedato 14.8.2013]
Magnus Aamo Holte: «Dårligste måling for SV noensinne», vg.no, oppdatert 16.8.2013: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/valg-2013/artikkel.php?artid=10106226 [lesedato 16.8.2013]
http://www.nrk.no "Valgresultat" http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]
 
 
Peikarar



Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 28.05.2014
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut