Språkåret 2013Språkåret 2013 er nemninga på det nasjonale språkåret i 2013. I løpet av året skal heile Noreg feire nynorsk, bokmål, samiske språk, historiske minoritetsspråk, teiknspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret 2013 har grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Språkåret vart opna av kulturminister Hadia Tajik 2. januar i Kristiansand, på dagen 100 år sidan fyrste framsyninga til Det Norske Teatret, også i Kristiansand. I løpet av 2013 skal om lag 100 ulike tiltak og arrangement gjennomførast ulike stader i landet, mellom anna ei verdskonferanse om språk i Tromsø hausten 2013.
Språkåret har eit sekretariat på tre personar, som arbeider i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Nynorsk kultursentrum finansierer arbeidet med tilskot frå Kulturdepartementet.
Inger Johanne Sæterbakk er prosjektleiar for Språkåret 2013.
Kjelder
Nettstaden til Språkåret 2013, www.språkåret.no, http://www.språkåret.no/ [lesedato 2.1.2013]
|






