Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, pedagogisk kompetansesenter, ofta kalla Nynorsksenteret.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa blei oppretta av fleirtalet i Stortinget 17. juni 2004, etter eit initiativ frå utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet, som eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Dette er den einaste nynorskinstitusjonen som er blittt driven fram ovanfrå, utan at nokon i målrørsla hadde tenkt tanken føreåt.
 
Senteret sorterer fagleg under Utdanningsdirektoratet, administrativt under Høgskulen i Volda, der institusjonen også held til, og har vore i drift frå 30. mars 2005.
 
Frå februar 2005 har Anne Steinsvik Nordal vore leiar for senteret. Institusjonen hadde i 2007 ni tilsette, som skapte ei omsetning på 6,1 mill. kroner. Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa er medlem i Nynorsk Forum.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006


Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 30.03.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut