Dag og TidDag og Tid, nynorsk vekeavis utgitt i Oslo frå 1963, er ei partipolitisk ubunden og sterk meiningsavis som har vore lengre i drift enn noka anna riksavis på nynorsk. Etter fire prøvenummer frå april 1962 til sommaren 1963 kom det
første ordinære nummeret ut 1. september 1963. Avisa har heile tida vore
redigert på nynorsk, men dei første åra prenta avisa noko innkjøpt stoff på
bokmål. I denne tida var utgivinga noko uregelmessig. I åra 1973–79 kom avisa ut
to gonger i veka. Nettoopplaget var i 2009 på 7531 eksemplar.
Dag og Tid var frå første stund partipolitisk uavhengig og
opna spaltene sine for innlegg frå mange hald i svært ulik form. Frå 1969 har
avisa publisert stoff frå Le Monde på norsk, og ho har hatt mange gode spaltistar.
Dag og Tid blei i lang tid redigert av eit kollektiv, men hadde dei første
tiåra mange profilerte redaktørar, mellom anna Olav Rytter, Ivar Eskeland,
Kjell Snerte og Tor Gabrielsen. 1990–93 var Arnhild Skre i Dag og Tid den
første kvinna som redigerte ei nynorsk riksavis.
Frå og med 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør.
Eigarform og økonomi
Våren 1960 gjekk ei gruppe med folk frå Noregs Mållag,
Noregs Ungdomslag, Gula Tidend, og Norsk Tidend i gang med å planleggje ei
nynorsk moderne vekeavis i Oslo. To år seinare blei planen konkretisert av ei
gruppe med formann Magne Rommetveit i Kringkastingsringen og dagleg leiar Olav
Engan i Noregs Mållag som nøkkelpersonar. Våren 1963 skipa 848 aksjonærar Dag
og Tid AS, med det føremålet å gi ut ei «partipolitisk ubunden avis på nynorsk».
Alt eitt år seinare var aksjekapitalen på 155 000
kroner brukt opp. Den politiske motviljen mot avistiltaket var særleg stor i
Bondeungdomslaget i Oslo. Dermed fekk ikkje Dag og Tid den økonomiske støtta
frå kaffistovene og andre lagsbruk som tidlegare bladtiltak hadde vore heilt
avhengige av. Berginga blei jamlege aksjeutvidingar og nyteikning av
aksjekapital, og store tilskot frå Riksfondet for nynorsk presse. Frå 1964 til
2009 samla fondet inn 7 millionar kroner i 2009-verdi frå privatpersonar til
drift og investering i avisa.
Det tok likevel lang tid å etablere Dag og Tid på
driftssikker grunn. For å få statsannonsar blei avisa gitt ut to gonger i veka
frå januar 1973 til mars 1980. Frå då av fekk avisa ei lita statsstøtte som
auka med åra. Støtta var i 2009 på 4,4 millionar kroner og utgjorde då 29 % av dei
samla inntektene.
Dag og Tid var frå første stund «politisk ubunden», altså
partipolitisk uavhengig. Dette var uvanleg i 1960-åra, men blei vanleg i 1980-
og 1990-åra. Avisa har no om lag 1200 aksjonærar.
Utbreiing og
publisering
Fire prøvenummer på inntil 80 000 eksemplar blei utgitt
frå våren 1962 til sommaren 1963, og målet var 30 000 tingarar. Ved
årsskiftet 1963/64 skal avisa ha hatt 15 000 tingarar. Sikre opplysningar
ligg først føre frå 1970, og nettoopplaget svinga mellom 5100 og 7500 til
utgangen av 1900-talet. I 1999 var opplaget 5319 eksemplar, i 2009 7531.
I 1970-åra budde halvparten av tingarane på Austlandet. Slik
var det òg i 2004. Då heldt 32 % av tingarane til på Vestlandet.
Dag og Tid gav i 1970-åra ut Avisboka, med heile romanar i
avisformat. Frå 1986 utvikla avisa eit nynorsk ordrettingsprogram for
WordPerfect. Eit rettleiingshefte om stilskriving av Hans H. Skei gav også
store inntekter til verksemda.
Med ei enkel nettside frå 1996 var Dag og Tid ei av dei
første avisene i landet som publiserte digitalt. Denne tenesta er i 2011 enno
svært mangelfull.
Redaksjonell profil
Dag og Tid har heile tida lagt til grunn at dette skal vere
ei avis på nynorsk, ikkje om nynorsk. Dette utløyste den eine av to djupe
redaksjonskriser i avisa. Ein medarbeidar som alt hadde sagt opp stillinga si,
erklærte i 1966 i ein kommentar at «nynorsken er død – nynorsken leve».
Nummeret blei stoppa, og redaktør Ivar Eskeland gjekk av.
Frå 1967 blei redaksjonen omorganisert til eit kollektiv med
den skarpe journalisten Tor Gabrielsen og den drivande administratoren Kjell
Snerte som profilerte medarbeidarar. I 1979 var denne kollektive redaksjonen i
ferd med å gå i oppløysing. Frå 1980 har Dag og Tid hatt ansvarlege
eineredaktørar, men den kollektive arbeidsforma prega redaksjonen lenge.
Særleg i 1970-åra var dette ei særs liberal avis, der dei
mest ulike meiningar kunne brytast. Dette gjorde Dag og Tid til den viktigaste
debattavisa for ei tid. På leiarplass argumenterte avisa venstrepopulistisk for
desentralisering av makt og utvida folkestyre. Derimot tok kvinner over
nynorske lokalaviser lenge før dei slapp til i Dag og Tid. Først i 1980 blei
Kirsten Ropeid den første kvinnelege journalisten i avisa, og eit breiare redaksjonelt
kvinnemiljø tok først form på 2000-talet.
Kjelder
Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk presses historie, bd. 1–4. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Avisene
som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
Ottar Grepstad: Språkfakta
2010, Ivar Aasen-tunet, aasentunet.no,
publisert 2010, http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=4395
[lesedato 02.02.2011]
|






