Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Dag og Tid

Dag og Tid, fri og uavhengig vekeavis. Eit motto for avisa har vore å skrive på nynorsk, men ikkje berre om nynorsk.

Dag og Tid blei skipa 28. april 1963 etter at Anton Beinset i 1961 hadde teke til orde for ei nynorsk vekeavis. Frå april 1962 kom fire ambisiøse prøvenummer med skiftande redaktørar, og første ordinære nummeret kom i september 1963 med Olav Rytter som redaktør.
 
Marginane for denne riksavisa har heile tida vore små. Alt i 1964 blei Riksfondet for nynorsk presse skipa for å sikre driftsgrunnlaget. Opplaget har gjerne lege mellom 6000 og 7000, og dei siste åra har det lege stabilt på noko over 7000. Nær halvparten av abonnentane bur på Austlandet.
 
Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore redaktør, og dei 10 tilsette skapte i 2007 ei omsetning på 10,7 mill. kr. Dag og Tid er medlem i Nynorsk Forum.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006


Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 09.03.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

ANDRE ARTIKLAR

Anton Beinset