Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Fjordingen

Fjordingen, lokalavis for indre Nordfjord, som vert redigert på nynorsk og kjem ut i Stryn tre dagar i veka.

Fjordingen vart etablert i 1928 av bergensarane Nils Hertzberg (redaktør) og Finn Larsen (forretningsførar) saman med boktrykkjar Torleif Bergmann. Første året hadde avisa namnet Innfjordingen, men etter ein konkurs starta ho på nytt som Fjordingen i 1929. Frå 1949 til 1951 var høgrepolitikaren Paul Svarstad redaktør. Seinare vart avisa redigert av Martin Lilleheim gjennom heile 35 år. I dag er Bengt Flaten redaktør i Fjordingen.
 
Fjordingen er ått av Sunnmørsposten, som igjen vert kontrollert av Mecom Europe. Nettoopplaget har dei seinare åra lege kring 4500.
 
Peikarar
Om eigarforhold i Fjordingen i Medieregisteret
Nettstaden til Fjordingen


Først publisert: 30.06.2009
Sist oppdatert: 16.08.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

ANDRE ARTIKLAR

Paul Svarstad