Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 90 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
Ottar Grepstad
 

Eit språk blir til

Innførslane i denne annalistiske framstillinga skal vise viktige trekk ved utviklinga og utbygginga av mangfaldet i den nynorske skriftkulturen, og korleis denne skriftkulturen steg for steg har vunne nye posisjonar og blitt ein tradisjon og dermed ein av berebjelkane i norsk kulturhistorie.
 
Nyare norske krønikar og annalar har med svært lite om det som gjeld nynorsk skriftkultur i vid forstand. Den 1300 sider tjukke Århundrets krønike (1988) manglar heilt stikkord som ”landsmål”, ”nynorsk” eller ”språkstrid”. I Norges historie i årstall (1997, ny utgåve 2004) av Nils Petter Thuesen er situasjonen noko betre, men dekninga er vilkårleg og lite tilfredsstillande. Innanfor ei nokså strengt avgrensa ramme har Jan Ragnar Hagland fått med mykje i Språkhistorisk årstalsliste (1993, ny utgåve 2002). Somt er også kome med i Jakob Brønnums Kulturhistoriske årstall, norsk utgåve ved Bjørg Vindsetmo (2003).
 
Det har vore vanskeleg å unngå at det institusjonelle blir framheva i ei annalistisk framstilling som denne. Eg har prøvt å namngi personar, til dømes statsrådar, så langt det er mogleg og føremålstenleg. At det var statsråd Ivar Tveiten som autoriserte Nynorsk Salmebok i 1925 (og det på sin eigen 75-årsdag), har seinast Berge Furre vist var viktig. Altså er det ikkje alltid tilfredsstillande å skrive berre departementet e.l.
 
Framstillinga er konsentrert om det som må seiast å vere dei viktige hendingane, det som har vore ei nyvinning, det som har fått følgjer. Av plassgrunnar har eg konsentrert framstillinga om det som er viktig i eit landsdekkjande perspektiv. Blant kunstnarane dominerer diktekunsten, medan biletkunst og musikk har fått lite plass. Derimot har eg prøvt å gi god plass for den breie bruken av nynorsk i allmenta. Enno har eg ikkje funne den første grammofonplata med nynorske tekstar eller den første kino-/tv-reklamen på nynorsk. Kulturindustrien har altså slett ikkje vore så fri for nynorsk som innførslane kan tyde på.
 
På sin måte viser desse annalane når og korleis nynorsken breier seg og festnar seg og vinn tilslutning, men også korleis ein del viktige reaksjonar og mottiltak har teke form og fått sine uttrykk. Innførslane er skrivne som knappe avsnitt i eit tenkt oppslagsverk. Likevel vonar eg det kjem fram kor mange tiltak og uttrykksformer den nynorske skriftkulturen er tufta på.
 
Hendingar, opplysningar og samanhengar som kan datofestast, står først under kvart år.
 
Frå 1990-åra svulmar årsavsnitta opp. Annalistiske framstillingar er nok gjerne lettast å lage for skrivarens nære fortid og samtid. Kjelder som klipparkivet i Ivar Aasen-tunet og www.nynorsk.no har gjort det nødvendig å stryke, men også å følgje ein del saker meir detaljert enn før om åra.       
 
At noko ikkje står her, kan vere fordi eg meiner det ikkje var viktig nok i eit samla nasjonalt perspektiv. Grunnen kan nok like gjerne vere at eg ikkje har visst om det. Slike merknader og alle andre er difor særs velkomne til ottar.grepstad@aasentunet.no.
 
Framstillinga blir oppdatert ved kvart årsskifte.


Sist oppdatert: 09.09.2009
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut