FinskFinsk har ikkje grammatisk kjønn og bruker eitt ord, hän, der norsk skil mellom han og ho. LES MEIRHausaPå hausa er det så innfløkte reglar for å bøye substantiv i fleirtal at ein stort sett må lære seg både eintals- og fleirtalsforma utanåt. LES MEIRKoreansk'Det regnar' kan seiast på seks måtar på koreansk, etter om ein vil uttrykkje seg nøytralt, fortruleg, familiært, endeframt, høfleg eller respektfullt. LES MEIRMandarinDei største ordbøkene har over 40 000 kinesiske teikn, men under 10 000 er i vanleg bruk. Ein må kjenne om lag 3000 teikn for å lese ei kinesisk avis. LES MEIRMaya (yucatekisk maya)Ordet sigar har me lånt frå spansk (kastiljansk) cigarro ‘sigar, sigarett’, men spansk har lånt ordet frå eit maya-språk, der me finn sik’ar ‘røyking’. LES MEIRNedertysk (lågtysk, plattysk)Arbeid, føle og snakke er mellom dei mange orda vi har lånt frå nedertysk. LES MEIROversorbiskOversorbisk skil mellom eintal, total og fleirtal, som i ruka ‘hand’, ruce ‘to hender’ og ruki ‘fleire enn to hender’. LES MEIRRomanesRomanes skil mellom dei uaspirerte konsonantane p, t, k og dei aspirerte ph, th, kh. Romanispråka er dei einaste europeiske språka som har dette skiljet, som har indiske røter. LES MEIRUngarskLatin var offisielt språk i Ungarn frå 900-talet til 1400-talet. Ungararane helsar kvarandre framleis med det latinske ordet servus 'slave'. LES MEIR |


