Dagen i dag8. februar8.2.1854 blir det første scenestykket på landsmål, I Marknaden av Ivar Aasen, framført for stortingsrepresentantane på Det norske Theater i Christiania (sjå 6.2.1854). 8.2.1913 taler stortingspresident Jørgen Løvland på landsmål ved kongeparets middag for Stortinget på Slottet i Kristiania. Det er første gongen landsmål blir brukt av Stortinget andsynes Slottet (sjå 27.11.1909).
8.2.1922 blir for første gong ideen om eit målakademi nemnd på eit møte i Studentmållaget i Oslo (sjå 20.10.1928).
8.2.1926 blir Vestlandsbanken skipa i Bergen med Olav Vevle som første formannen. I føremålsparagrafen om å bruke landsmål i drifta heiter det at alle aksjonærane må vere samde for at den paragrafen skal kunne endrast (sjå 26.6.1926).
8.2.1929 fastset regjeringa Mowinckel at stadnamna på offisielle kart skal følgje rettskrivinga for nynorsk. Forskrifter kjem i kongeleg resolusjon av 28.4.1933 (sjå 22.2.1990).
8.2.1996 kunngjer statsråd Åse Kleveland på Kulturdepartementets konferanse ”En nasjonal arkitekturpolitikk” i Oslo at Sverre Fehn har fått i æresoppdrag å teikne Ivar Aasen-tunet (sjå 3.11.1990, 17.11.1995 og 22.6.2000).
8.2.2008 lanserer Stabburet ein ny reklamefilm for Grandiosa pizza med songtekst på nynorsk.
![]() |







