Allkunne
Svein Arne Myhren Tegland
 

Sondre Bratland

Sondre Bratland, folkesongar frå Telemark som i tiår og på personleg og særeige vis har formidla den mollstemde «blå gleda» som han så råkande omtaler stemninga i den vokale, religiøse folkemusikktradisjonen.

Sondre Bratland er fødd 11. september 1938 på Edland i Vinje. Han er utdanna lærar, med med fordjuping i faga norsk og musikk, og har mange års fartstid som lærar i heimkommunen. Bratland er tilsett som dosent II ved folkekulturstudiet ved Høgskolen i Telemark. Frå 1997 har han vore statsstipendiat og utøvar på heiltid. Han har verka som songpedagog og er mellom anna læremeisteren til Arve Moen Bergset.
 
Bratland har gjennom ein mannsalder vore den sentrale mannlege folkesongaren i Noreg. Han debuterte med utgivinga Pilegrimens Sangbog i 1982 og fekk Spelemannsprisen for denne plata. Våren 2008 kom han med den 13. soloplata si. Han opererer innanfor fleire sjangrar og har samarbeidd over landegrensene, noko som har resultert i nye uttrykk. Bratland har vore døropnar for yngre utøvarar og har gjort vokal folkemusikk omtykt i breie lag.
 
Gjennom innsamling, dokumentasjon og bruk forvaltar Bratland levande tradisjonsmusikk. Viktige kjelder har vore mora Sigrid Bratland og tanta Brita Bratland, Tallak Hoslemo (1895–1982) frå Bykle og Ragnar Vigdal (1913–91) frå Luster.
 
Kjelder
E-post frå Sondre Bratland 19.03.2008
 
Heimesida til Sondre Brattland, http://www.sondrebratland.no/ [lesedato 19.05.2010]
 
Peikarar
Nettsidene til Folkemusikk.no



Artikkelen høyrer også til under
 
 

Først publisert: 19.05.2010
Sist oppdatert: 03.05.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut