Allkunne
Kåre Johan Mjør
 

Brita Bratland

Brita Bratland, bonde og kvedar, blei med sitt rike repertoar og sin tekstretta syngjestil ei viktig inspirasjonskjelde for yngre folkesongarar i 1970-åra.

Bratland var fødd i Vinje 12. oktober 1910 og døydde 24. august 1975 i Skien. Etter fullført folkeskule gifta ho seg i 1935 med Sondri S. Bratland og flytta til garden Bratland ved Edland i Vest-Telemark. Familien arbeidde med gardsdrift og lastebiltransport.
 
I barndomen tileigna Bratland seg eit stort tilfang av folketonar og anna folkloristisk materiale. To viktige kjelder var farmora Margit Tveiten, ein av dei fremste kvedarane i sin generasjon, og den eldre søstera Margit Gunvaldsjord. Gjennom morfaren Nils Sollid frå Eidfjord fekk ho brei kjennskap til folketonar frå Hardanger. Gjennom Margit Tveiten fekk ho også stoff som stamma frå svenske vegarbeidarar på Haukelivegen.
 
Repertoaret hennar strekte seg etter kvart frå småstubbar og bånsullar, rim og regler, viser og stev til mellomalderballadar. Ho ville at songen først og fremst skulle bere fram det tekstlege innhaldet. Difor la ho lite vekt på personleg tolking.
 
Ho gjorde aldri nedteikningar og hadde det omfattande materialet lagra i minnet. Noko av dette samla Geirr Lystrup i boka Britas visur. Folkeviser etter Brita Bratland (1976).
 
Bratland nådde særleg ut eit større publikum frå slutten av 1950-åra, då NRK tok til å gjere opptak med henne. NRK har 167 opptak av om lag hundre folketonar og folkeviser. I 1970-åra blei ho ei etterspurd inspirasjonskjelde for ein ny generasjon av kvedarar, som Ellen B. Nordstoga, Kirsten Bråten Berg og Sondre Bratland, seinare også Arve Moen Bergset.
 
Brita Bratland kan mellom anna høyrast på kassetten Viervann og Mariahand, ei posthum soloutgiving (1987). Ho er representert på fleire lp-plater i serien Norsk folkemusikk (1953–1974), i ny utgåve på cd i 2009.
 
Kjelder
Geirr Lystrup: Britas visur. Folkeviser etter Brita Bratland. Oslo 1976
Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982
Vegar Vårdal: «Brita Bratland», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1999



Artikkelen høyrer også til under
 

Først publisert: 03.07.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut