Aina BassoAina Irene Basso, historikar med kvensk bakgrunn på farssida og forfattar av historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, med handling frå 1600- og 1700-talet. Aina Basso er fødd 14. mai 1979 på Giske i Møre og Romsdal og er busett i Oslo. Ho er utdanna cand.mag. med historie og arkeologi ved NTNU i 2003, og ho tok mastergrad i historie ved NTNU i 2005 med ei oppgåve om blodskam på 1700-talet. Basso arbeidde som arkivkonsulent i Stiftelsen Asta i 2005–06 og var spesialkonsulent i Oslo byarkiv i 2006–09. Ho har vore frilansar sidan 2009 og har stadig oppdrag for Oslo byarkiv.
Basso debuterte med ungdomsromanen Ingen må vite (2008), som var basert på masteroppgåva hennar. Settinga er året 1734, og hovudpersonen Ingeborg blir forelska. Men temaet i romanen er òg seksuelle overgrep. I romanen Fange 59. Taterpige (2010) hamnar taterjenta Marie på tukthus i Trondheim då ho kjem bort frå familien sin. Utgangspunktet for forteljinga er ein historisk person. Ungdomsromanen Inn i elden kom i 2012. Denne boka handlar om hekseprosessane i Finnmark i 1620-åra, med dei unge kvinnene Elen og Dorothe i to parallelle historier. Aina Basso skriv eit lyrisk, originalt og presist språk. Ho får sagt mykje gjennom ei stilsikker og ordknapp form.
Basso fekk Giske mållags målpris i 2008, var redaksjonsmedlem i Allkunne (2009–12) og har hatt sin eigen blogg sidan 2005, der ho skriv om litteratur og om det å vere forfattar. Ho har vore spaltist i Nationen frå 2009 og i Sunnmørsposten 2009–2012.
Kjelder
CV frå Aina Basso send på e-post 13.12.11
Peikarar
|






Foto: Samlaget