Allkunne
Anders Aschim
 

Elias Blix

Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom salmane og omsetjinga av Det nye testamentet står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.

Blix var fødd på Sandhornøy i Gildeskål 24. februar 1836 og døydde i Kristiania 17. januar 1902. Han gjekk lærarseminaret i Tromsø i 1853–1855. Etter nokre år som lærar i Tromsø reiste han i 1859 til Kristiania, der han blei buande.
           
Blix tok examen artium i 1860, examen philosophicum i 1861 og teologisk embetseksamen i 1866. Vidaregåande studium av hebraisk og andre semittiske språk skaffa han ein doktorgrad i 1876 og eit professorat i 1879. Med unnatak av åra 1884–1888, då Blix var statsråd i Johan Sverdrups regjering, underviste han i hebraisk og bibelfag ved universitetet.
 
Blix var hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet. Salmesamlinga Nokre Salmar blei i 1892 godkjend til bruk i gudstenesta.
 
Lærar
Blix arbeidde som lærar i 25 år, og det ligg ein pedagogisk tanke bak mykje av det han utretta. Han blei tidleg målmann og var med i det første styret for Det Norske Samlaget frå 1868. Når han skreiv salmar eller omsette Bibelen og katekisma til landsmål, var det ikkje minst for å gi skuleborna klassiske religiøse tekstar i ei språkform som låg nær talemålet deira. Opplæringsmålet i skulen var framleis reint dansk då Blix gav ut dei første salmane sine.  
 
Diktar
Det første heftet av Nokre Salmar. Gamle og nye kom ut i 1869. I 1870 og 1875 kom to hefte til. Ei samla og utvida utgåve kom i 1883 og blei trykt opp att i 1887 (2. og 3. utgåva). Først i 4. utgåva (1891) sette Blix namnet sitt på tittelbladet. No var Nokre Salmar blitt ei nynorsk salmebok med 150 salmar til heile kyrkjeåret. I 1900 gav Blix ut 50 nye salmar og nokre andre dikt i Salmar og Songar.
 
Naturen og Bibelen er dei to store inspirasjonskjeldene. Blix nyttar motiv og forteljingar frå Bibelen i nye og overraskande kombinasjonar, ofte på ein måte som flyttar dei frå Midt-Austen og inn i eit norsk kyst- eller fjellandskap. Han merkar seg ut som ein svært formsikker diktar.
 
Ved sida av songen ”Å eg veit meg eit land” er ei rad salmar av Blix enno i flittig bruk: ”No livnar det i lundar,” ”Gud signe vårt dyre fedreland”, ”Kling no, klokka”, ”No koma Guds englar”, ”Ljos yver grav”, ”Himmelske Far, herleg utan like”, ”Med Jesus vil eg fara”, ”Jesus, du er den himmelveg”, ”Syng i stille morgonstunder”, ”No soli bak om blåe fjell”.
 
Når Den norske kyrkja er blitt den største suksesshistoria til målrørsla, er det i høg
grad hans forteneste. I Norsk Salmebok (1985) er 40 % av tekstane på nynorsk, og Blix er den opphavsmannen som har flest tekstar i boka.
 
Bibelomsetjar
Saman med Ivar Aasen gjorde Blix pioneromsetjinga Apostelen Pauli Brev til Romararne (1882). Saman med Johannes Belsheim og Matias Skard var desse to også ansvarlege for den første fullstendige nynorske utgåva av Det nye testamentet (1889, i bokform 1890). I 1899 gav Blix ut ei ”Ny, gjennemsedd Utgaava” for Det Norske Bibelselskap. Av Det gamle testamentet rakk han berre å omsetje ein del av Salmane. I tillegg omsette han Dr. Martin Luthers litle katekisma (1890). Som bibelomsetjar hadde Blix styrken sin i eit nøyaktig arbeid med grunnteksten og ei evne til å finne nynorske ord og uttrykk som hadde ein ”bibelsk” og tradisjonell klang.
 
Vitskapsmann og politikar
Blix publiserte berre eitt større vitskapleg arbeid, doktoravhandlinga De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog. Et Bidrag til semitisk Etymologi (1876). Den viktigaste innsatsen sin for høgare utdanning og forsking gjorde han som mangeårig leiar for Videnskabs-Selskabet i Christiania (Det Norske Videnskaps-akademi) og som statsråd.
 
Blix gjekk inn i Johan Sverdrups Venstre-regjering 26. juni 1884 og gjekk av 24. februar 1888. Bortsett frå eitt år ved statsrådsavdelinga i Stockholm var han kyrkje- og undervisningsminister det meste av tida. Den fremste politiske innsatsen sin gjorde han for målsaka og universitetet. I dei store kyrkje- og skolespørsmåla var det statsministeren og nevøen Jakob Sverdrup som sette dagsorden.
 
Seinare var Blix medlem og leiar i skulestyret i hovudstaden, og han gjorde ein viktig kulturpolitisk innsats mellom anna i Det Norske Samlaget og Den norske Forfattarforening.
 
Blix var gift med Emma Hansen (1849–1927). Dei fekk ni born, av dei levde sju opp. Den mest kjende er karikaturteiknaren Ragnvald Blix (1882–1958).
 
Kjelder
Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Biografi. Oslo 2008
Elias Blix og Reidar Djupedal: Der eit fjell stig mot sky. Oslo 1968
Reidar Bolling: Elias Blix. Oslo 1953
Tove Bull: Dei første nynorske salmane. Ein idéanalyse av originalsalmane til Elias Blix. Hovudoppgåve. Universitetet i Trondheim 1972
Egil Elseth: Elias Blix. Verk og virke. Oslo 1989
Oskar Sønderland: Elias Blix og salmediktinga hans.  Magistergradsavhandling. Universitetet i Oslo 1950



Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 04.02.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Foto: Ivar Aasen-tunet
  • 1836-1902, fødd i Gildeskål
  • Salmediktar, bibelomsetjar, politikar og professor
  • Kyrkje- og undervisningsminister 1884-1888
  • Hovudmannen bak den første nynorske omsetjinga av Det nye testamentet
  • Skreiv "Å eg veit meg eit land"

ANDRE ARTIKLAR

Alexander Seippel

Bibelomsetjing

Det Norske Samlaget

Ivar Aasen

Johan Sverdrup

Johannes Belsheim

Matias Skard

Peter Hognestad