Allkunne
Ottar Grepstad
 

Torgeir Bjørnaraa

Torgeir Drengsson Bjørnaraa, naturforteljar, journalist og lærar. Han var ein tidleg popularisator av naturvitskap og blei den fremste naturskildraren på landsmål.

Bjørnaraa var fødd i Valle 8. april 1864 og døydde 27. november 1951. Han tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1883, og var journalist og lærar i mange år. Ei tid arbeidde han i redaksjonen i Fedraheimen, han var huslærar hos Lars Liestøl og lærar ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord. Bjørnaraa fekk i gang bladet Sæbyggjen i Kristiansand i 1890 og var overlærar ved Stord lærarskule 1909–29.
 
Han var med i mange lag og organisasjonar og var stortingskandidat for Arbeidarpartiet både i 1909 og i 1912.
 
Med sine mange og gode forteljingar og artiklar blei han den fremste naturskildraren på landsmål. Han var ein tidleg popularisator av naturvitskap, og i 23 år skreiv han kvar laurdag ei dyresoge i avisa Socialdemokraten. Han skreiv også mykje i nynorske blad, og eit utval av dette samla han i ti band Dyresogor (1916–25).
 
Bjørnaraa tok i 1938 initiativet til Setesdalsmuseet, og han gav samlingane sine til dette museet. Han var æresmedlem i The National Geographic Society i USA. 
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
 
Vidare lesing
Terland, Ingrid: Sørlandsforfattere [...], 2002, 96-98 (bibliografi)

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne


Artikkelen høyrer også til under
 
 
 
 

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 21.01.2014
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut