Allkunne
Ingeborg Mjør
 

Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet, norsk musikar, songar, komponist og folkemusikkentusiast som kryssar dei fleste musikalske landegrenser.

Gabriel Fliflet er fødd på Åland 18. juli 1958. Han vaks opp i Skåne og i Bergen. I tillegg til eksamen artium har han studert historie og musikkvitskap.
 
Fliflet spelar trekkspel og arbeider med folkemusikk, særleg frå Noreg, Finland, Shetland, Baltikum, Balkan og Amerika. Eit viktig musikalsk kjenneteikn er sjangerblanding over tradisjonsgrensene. Fliflet koplar gjerne kompliserte balkanrytmar med nordiske folketonar, eller jødisk melankoli med tex-mex. På scena utmerkar han seg også med forteljartalent og humor.
 
Fliflet er med i ei mengd ulike grupper, mellom anna Rimfakse (1975–2005), Fliflet Hamre (1991–) og Novgorod (2003–). Han har arbeidd med profilerte folkemusikarar som Sondre Bratland, Berit Opheim Versto, Nils Økland og Ingor Ántte Áilu Gaup. Ein viktig samarbeidspartnar er perkusjonisten Ole Hamre. Som Fliflet Hamre har dei to turnert i inn- og utland og vorte lagde merke til for humor, musikalitet og originalitet. Plata «Ivar Aasen goes Bulgaria» (1994) er representativ, og på Vossajazz i Ivar Aasen-året 1996 hadde Fliflet Hamre ansvar for festframsyninga «Energivar».
 
Til Osafestivalen på Voss i 2006 framførte Fliflet tingingsverket «Elvemot» saman med Tore Bruvoll, Ånon Egeland, Gjermund Larsen, Sondre Meisfjord og Berit Opheim Versto. Plata «Rio Aga» (2008) er eit resultat av konserten, og teksten til tittelsporet har Fliflet bygd opp over gardsnamn i Hardanger og på Voss. Til festspela i Bergen i 2008 leverte Fliflet tingingsverket «Edvards lykkelige dag» til Edvard Grieg Museum Troldhaugen, og til 2010 tinga festspela verket «Åresong», med nyskrivne tekstar av Jon Fosse.
 
Fliflet har sidan 1999 vore musikalsk vert på folkemusikk-klubben Columbi Egg i Bergen, der det utelukkande vert spela akustisk. I 1994 fekk Fliflet tildelt Vossajazz-prisen. I 2011 fekk Fliflet tildelt Folkelarmprisen som Årets folkemusiker. 
 
Kjelder
E-post frå Gabriel Fliflet 6.3.2010
 
«Gabriel Fliflet med Jon Fosse-tekstar på Festspela», Ivar Aasen-tunet, aasentunet.no, publisert 03.03.2010, http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=16&id=10434 [lesedato 13.04.2010]
Christian Lysvåg: «Gabriel Fliflet – et folkemusikalsk kaleidoskop», ballade.no, publisert 03.07.2008, http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2008070218540487332570 [lesedato 13.04.2010]  
 
Peikarar
Nettsidene til Fliflet/Hamre



Artikkelen høyrer også til under
 
 

Først publisert: 13.04.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Foto: Pressebilete fliflethamre.no

ANDRE ARTIKLAR

Fliflet/Hamre

Ole Hamre