Allkunne

VIL DU SKRIVE FOR ALLKUNNE?

Allkunne treng forfattarar som kan skrive om alle emne. Artiklane i Allkunne er signerte, og vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Det er utarbeidd eiga skriverettleiing, og alle tekstar vert vurderte av ein redaksjon før publisering. Så langt har vi rundt 60 forfattarar, men vi vil gjerne ha fleire! Kontakt dagleg leiar for meir informasjon, allkunne@allkunne.no.
Det norske samlaget
Nynorsk kultursentrum
 

Om Allkunne

Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk. Prosjektet er drive av Allkunne AS, eit selskap eigd av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Ein pilotversjon av nettstaden blei opna 26. mai 2009, medan den offisielle lanseringa var 20. oktober same året på Bryne, i Førde, Hovdebygda, Oslo og på Ål.
 
I første omgang publiserer vi tekstar om den nynorske kulturhistoria. På sikt vil her òg kome tekstar om andre emne.
 
Alle tekstar vert vurderte redaksjonelt og språkvaska før dei vert publiserte. Artiklane vert honorerte etter vanlege leksikonsatsar. Så langt har rundt sytti forfattarar skrive artiklar for Allkunne, men vi har bruk for fleire, så viss du vil skrive for oss, ta kontakt.
 
I styret for Allkunne sit Arild Thorbjørnsen (styreleiar), Magni Hjertenes Flyum og Tom Skovdahl.
 
Redaksjonsmedlemmene er Ottar Grepstad (hovudredaktør), Aina Basso, Kjerstin Gjengedal, Kirsti Langstøyl, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik.
 
Eirik Helleve er dagleg leiar. Allkunne har kontor på Voss, kontoradressa er Regimentsvegen 225, 5700 Voss. Telefon 56 52 98 35 / 908 03 570.
 
Allkunne på Twitter.
Allkunne på Facebook.


Sist oppdatert: 05.01.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut