Allkunne
Sindre Haugen Mehl
 

Frode Grodås

Frode Grodås er ein norsk fotballtrenar og tidlegare profesjonell fotballspelar. Han har 50 A-landskampar for Noreg som målvakt og er rekna som ein av bærebjelkane på landslaget under stordomstida på 90-talet.

Frode Grodås frå Grodås i Hornindal i Sogn og Fjordane vart fødd 24.oktober 1964 i Volda. Han er utdanna ved Sogndal lærarhøgskule(1983-86). Grodås starta fotballkarrieren i Hornindal IL før han drog til Sogndal IL i 1982. I 1986 bytte han klubb til Lillestrøm SK og vann seriegull i 1989. I 1996 skreiv han under for Chelsea i Premier League. Høgdepunktet i England er sigeren i FA-cupen i 1997. Grodås var også innom Tottenham, før turen gjekk vidare til Tyskland og Schalke 04. Her var han med på å vinne to cupmeisterskap. Grodås var også på eit kort låneopphald i den spanske klubben Racing Santander i 1999. Frode Grodås avslutta spelarkarrieren i Hønefoss i norsk 1.divisjon. Våren 2011 var han programleiar for keeper-realityserien ”Nummer 1” på NRK.
 
Landslaget
Frode Grodås vart teken ut i A-landslagstroppen for fyrste gong i 1989. I den fyrste delen av landslagskarrieren var han mest reserve for Erik Thorstvedt. Grodås debuterte på landslaget i 1991 og fekk eit gjennombrot i VM-kvalifiseringskampen mot Polen på Ullevål i 1993. Grodås var med som reserve i VM-sluttspelet i USA 1994, men vart ikkje fyrstekeeper på landslaget før etter kvalifiseringa til EM-sluttspelet i England 1996.
 
I VM-sluttspelet i Frankrike i 1998 spelte Grodås alle kampane. Etter VM var han ikkje sjølvskriven som A-landslagskeeper meir, sidan han ikkje spelte fast på klubblaget. Han stod ein handfull kampar før det vart stopp tidleg i 1999. Grodås fekk to landskampar i 2002. Med det runda han av landslagskarrieren med 50 A-kampar.
 
Trenargjerning
Grodås hadde eit kort vikariat som keepertrenar i Schalke 04 i 2005. I 2006 fekk han sin fyrste trenarjobb, då han vart hovudtrenar i Ham-Kam. Grodås slutta etter eitt år, sidan laget enda på nedrykksplass.
 
I 2007 vart han keepertrenar i Lillestrøm, og i 2009 fekk han same stilling på landslaget. Grodås gav seg som keepertrenar for LSK vinteren 2010, for å konsentrere seg om arbeidsoppgåvene for landslaget.
 
Kjelder
Jan Holm og Drillo: Eventyret Drillos.  Oslo 1998
 
Nettstaden til Sogndal Fotball, http://www.sogndalfotball.no/ [lesedato 07.02.2011]
Terminlister Norge menn senior A (landslaget), Norges Fotballforbund, fotball.nohttp://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=39899 [lesedato 07.02.2011]



Artikkelen høyrer også til under
 
 

Først publisert: 20.09.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut