Allkunne
Gaute Losnegård
 

Nikolaus Gjelsvik

Nikolaus Mateus Gjelsvik, jurist og rettsvitar, og ein av dei fremste målhovdingane tidleg på 1900-talet. Som formann i fleire av dei viktigaste norskdomsorganisasjonane på same tid stod han som ein av dei fremste spydspissane for heile denne rørsla.

Gjelsvik vart fødd i Gjelsvika i Askvoll 11. april 1866 og døydde 14. november 1938. Han hadde bondebakgrunn, men kom seg på skule i Stavanger ved hjelp av Lars Oftedal og deretter vidare som student. I 1893 vart han cand.jur., og deretter steig han raskt i gradane: til dosent i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1897 og til professor i 1906.
 
Gjelsvik var formann i Det Norske Samlaget 1903–19, i Noregs Ungdomslag (NU) 1906–15 og i Noregs Mållag (NM) 1912–15, dessutan i Målkassa og Livstrygdelaget Andvake. Han var ein person med praktisk sans og stort nettverk. Han stod sentralt i arbeidet med mange nytiltak i mål- og norskdomsrørsla, ikkje minst oppbygginga av eit felles sentralledd i hovudstaden. Dette vart realisert i 1913 då dei oppretta Skrivarstova og lagsbladet Bodstikka, eit samarbeid mellom NU og NM.
 
Som politikar tok Gjelsvik tidleg opp spørsmålet om landsgymnas for bondeungdom, og han lanserte ideen om eit nynorsk universitet i Bergen. Som jurist rydda han grunnen for eit nynorsk lovspråk. Han gav ny språkdrakt til ei rekkje lover og skreiv dessutan ei rekkje lærebøker i rettslære på nynorsk, mellom andre Innleiding i rettsstudiet, som kom i fem utgåver.
 
Gjelsvik var også engasjert i storpolitikken, og han deltok som sekretær og rådgivar under forhandlingane i Karlstad i 1905. Der foreslo han eit nøytralt belte mellom Noreg og Sverige. Han hadde nær kontakt med forskingsmiljø i utlandet og studerte ved fleire høve ved utanlandske universitet. I 1929 vart han utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Leipzig. På heimegarden Gjelsvika står ein minnestein til ære for han.
 

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Olav Midttun: Mål og menn. Oslo 1968
Sven Moren: Møte og minne. Oslo 1938
Professor Nikolaus Gjelsvik 1866–1938. Minneskrift frå Norsk måldyrkingslag. Oslo 1968



Artikkelen høyrer også til under
 

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 05.08.2012
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut