Allkunne

Ole Hamre

Ole Hamre, norsk perkusjonist, komponist og musikkaktivist som blir lagd merke til for humør, speleglede og originalitet.

Ole Hamre er fødd 20. oktober 1959 i Bergen. Han tok examen artium i 1979. Som musikar har Hamre arbeidd med profilar som Bugge Wesseltoft, Kari Bremnes, Ole Paus, Ketil Bjørnstad, Frode Alnes, Silje Nergaard og Knut Reiersrud. Ein viktig samarbeidspartnar er trekkspelar og songar Gabriel Fliflet. Duoen Fliflet Hamre har turnert i inn- og utland og er blitt lagd merke til for humor, musikalitet og originalitet. Plata «Ivar Aasen goes Bulgaria» (1994) er representativ for samarbeidet, og på Vossajazz i Ivar Aasen-året 1996 hadde Fliflet Hamre ansvar for festframsyninga «Energivar». Hamre introduserte her nyperkusjon ved å spele mellom anna på treski og brunostskiver.
 
I 2005 starta Hamre prosjektet «Fargespill», som han seinare vidareutvikla saman med songaren Sissel Saue og koreografen Hilde Sol Erdal. Dette multietniske prosjektet samlar barn og unge bergensarar frå alle kantar av verda. Barna medverkar med kultur frå opphavslanda sine, som blir kombinert med norsk folkemusikk og global ungdomskultur. «Fargespill» har vore framført ved fleire festspel.
 
Frå 2006 til 2009 har Hamre hatt ansvar for OiOi-festivalen, som har som mål å opne festspela i Bergen for nye publikumsgrupper. Hamre har laga musikk til fjernsyn og film og har levert ei rekkje tingingsverk. Titlane reflekterer både ei leikande språkleg tilnærming og det lydmaterialet Hamre arbeider med, gjerne menneskestemmer og støy. To døme er verket «Snakkalao» (2003) til Tahitifestivalen i Kristiansund og kortfimen «Hydromatopoetikon» (2005) til Norsk Hydro sitt hundreårsjubileum.
 
Hamre fekk Vossajazz-prisen i 1993, Hordaland fylkes kulturarbeidarpris i 2007 og Bergen kommunes kunstnarpris i 2008.
 
Kjelder
E-postar frå Ole Hamre 07. og 08.03.2010
 
Ole Hamre si offisielle heimeside: http://www.olehamre.no [lesedato 15.04.2010]
Ola Henning Målsnes: «Ole Hamre mottok kunstnerprisen», Bergen kommune, bergen.kommune.no, publisert 22.09.2008, https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/seksjon-for-kunst-og-kultur/2396/article-28917 [lesedato 15.04.2010]
 
Peikarar
Nettsidene til Fliflet Hamre
Nettsidene til Fargespill



Artikkelen høyrer også til under
 
 

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 07.05.2013
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Ole Hamre (t.v). Foto: Erik Aspden Schyberg, flickr.com

ANDRE ARTIKLAR

Fliflet/Hamre

Gabriel Fliflet