Allkunne

Knut Hauge

Knut Hauge, bonde, forfattar og ungdomslagsleiar.
Hauge var fødd i Vestre Slidre 31. mai 1911 og døydde 13. april 1999. Ved sida av å drive odelsgarden debuterte han med romanen Krossen under Torfinnshø i 1948. I ungdomstida hadde han skrive i det handskrivne lagsbladet i Slidringen UL, og det blei etter kvart mange skodespel for amatørteater, i tillegg til mange romanar, reise- og naturskildringar. Hovudverket hans er åttebandsverket Sagaen om Ulfsætta, utgitt 1965–80.
 
Hauge var ein utsøkt og folkekjær talar, og han var formann i Noregs Ungdomslag 1955–59.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006



Artikkelen høyrer også til under
 

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

ANDRE ARTIKLAR

Noregs Ungdomslag