Allkunne
Espen Tørset
 

Marius Müller

Marius Müller, artist, komponist og tekstforfattar som er kjend for songar som «Den du veit» og «Carmen». Han vert rekna for å vere ein av dei beste gitaristane i Noreg.

Marius Müller var fødd 20. august 1958 i Oslo og døydde 14. mars 1999.
 
Etter ungdomsskulen satsa han for fullt som gitarist. Som sekstenåring vart han i 1974 med det franske bandet Jackson Quintet på turné i Nord-Noreg. I 1979 vart han medlem i Salt & Pepper Band. Same året byrja han i bandet Lava, der han spela gitar fram til 1982. I 1980 tok han samstundes til med solokarrieren sin.
 
Som solomusikar vart Marius Müller tidleg ein ettertrakta artist. Debutplata var Den du veit (1981), og spesielt tittelsongen gjorde han kjend i heile Noreg. Müller gav ut seks soloalbum. Seks (1995) var det siste, og det var eit instrumentalalbum. I dei første åra song Müller på norsk, men frå og med 1985 vart språket engelsk.
 
I slutten av 1980-åra var Müller med og danna bandet Funhouse. Dei spesialiserte seg på coverlåtar, og då først og fremst låtar av Jimi Hendrix. Dei gav ut fem album fram til dei avslutta samarbeidet i 1997.
 
Etter at Müller døydde, kom samlealbumet Marius Müller i 2000, og i 2009 kom albumet Plugged 2 – rett og slett, som er eit opptak frå ein konsert med Funhouse i 1997.
 
Gjennom ein allsidig karriere stod Müller mellom anna bak filmmusikken til Hard asfalt (1986) og Veiviseren (1987). Han var programleiar i NRK-programmet «Herreavdelingen» (1996–98). I tillegg var han tekstforfattar og ein ettertrakta studiogitarist. Han har arbeidd saman med artistar som Jahn Teigen, Hilde Heltberg, Trond Granlund og Olav Stedje. Han dreiv òg sitt eige lydstudio, der han produserte musikk for andre musikarar.
 
Kjelder
Jon Vidar Bergan: «Marius Müller - norsk sanger og musiker», snl.no: http://snl.no/Marius_M%c3%bcller/norsk_sanger_og_musiker [lesedato 2.3.2012]
Marius Müller, rockipedia.no: http://www.rockipedia.no/Vault.aspx?entity=33394 [lesedato 2.3.2012]
Marius Müller, fanside, marius-muller.com, publisert 2009: http://www.marius-muller.com/ [lesedato 2.3.2012]
 
Peikarar
«Den stille kjempen», vg.no 15.3.1999


Først publisert: 08.05.2012
Sist oppdatert: 29.05.2012
 

TIPS EIN VEN

SKRIV UT

Skriv ut

Frå LP-en Den du veit frå 1981